Hopp til innhold

Mann omkom i dykkarulukke

Dykkaren som blei funnen livlaus ved Smøla i Møre og Romsdal omkom som følgje av skadane.

Sea-King helikopter tek av frå Smøla.

Dykkaren fekk behandling på staden og vart sendt vidare til St. Olavs Hospital i Trondheim med helikopter.

Det opplyser Jan Helge Kjøl, operasjonsleiar ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt like før klokka 18.00 laurdag kveld. Saka vil bli etterforska av politiet og Arbeidstilsynet.

Ulukka skjedde ved Hallarøya like utanfor Smøla i eitt tida laurdag ettermiddag. Både redningsselskapet, ambulansebåt og redningshelikopter rykket ut, og dykkaren fekk behandling på staden.

– Mannen blei funnen livlaus under vatn, seier Kjøl.

Dykkaren blei så flydd med helikopter til St. Olavs Hospital i Trondheim i 14.30-tida laurdag.

– Livet stod dessverre ikkje til å redde, og mannen vart erklært død like etter klokka 15.00 laurdag, seier Kjøl.

Sende nødsignal

Det var dykkarfartøyet sjølv som varsla om ulukka. Sigmund Kaplanski, kaptein på redningsskøyta Erik Bye, fortalde til NRK ar dei fekk eit mayday-signal frå båten like før klokka 13.00 laurdag.

Det var totalt fire personar i båten då ulukka skjedde.

Arbeidsulukke

Mannen jobbar for eit firma som held på med kamskjelsanking, og ulukka skal ha skjedd i samband med dette arbeidet.

– Difor er også Arbeidstilsynet varsla, og vi vil etterforske saka saman med dei, seier Kjøl.

Hovedredningssentralen i Sør-Norge opplyste tidlegare i dag at mannen skal ha fått hjartestans under eit dykk. Ifølgje politiet er dødsårsaka framleis ukjent.

– Det er alt for tidleg å seie noko om kva som har skjedd, men vi håpar obduksjonen kan gi svar på mange av spørsmåla, seier operasjonsleiaren.

Dei andre dykkarane blei avhøyrt av politiet laurdag ettermiddag.

Mannen kom opphavleg frå Ungarn, men budde på Frøya. Familie i Noreg og i utlandet er varsla.


Mayday-signal ved Smøla

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL