Hopp til innhold

– Det er jo ein liten, pjuskete song

Det seier Åge Aleksandersen sjølv om «Lys og varme». Den blir mykje brukt i kyrkja, men kom ikkje med blant dei 899 songane i salmeboka.

Åge Aleksandersen ved plakaten til utstillingen "Lys og varme - historien om en sang" på Ringve.

ELSKA AV MANGE, MEN KOM IKKJE MED: «Lys og varme»

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

– Eg set jo veldig stor pris på måten den blir brukt på i dag der folk tar den fram når dei meiner det er rett.

Det seier Åge Aleksandersen om «Lys og varme». Det er den mest folkekjære songen hans, og det var med den han verkeleg blei kjend i 1984. Songen skreiv han ei stund etter at dottera hans vart fødd. Det tok han ein kvart time, men no har den vore elska av mange i meir enn eit kvart liv. Den blir òg mykje brukt i kyrkja, blant anna er det mange som vil ha songen i gravferder.

LES OGSÅ: – Levva livet for andret livet mitt

Åge Aleksandersen med datteren

SIN EIGEN HIT: «Lys og varme» skreiv Aleksandersen til dottera Line. Den blei fyrst framført under utdelinga av Spellemannsprisen i 1984.

Foto: Privat

– Her er det utruleg mange sterke historier. Dei fleste er nok meint for meg og dei som har fortalt meg historiene, men folk seier ofte at songen rører dei på ein heilt spesiell måte, fortel Aleksandersen til nrk.no.

– Hos vaksne er det ofte knytt til liv og samliv, til dømes fyrste gong dei møttest, ein spesiell sommar, songen som alltid var med dei. Eldre seier gjerne at dei ikkje likar pop og rock, men elskar «Lys og varme». Gjeld det barn, seier dei ofte at «ho var så glad i songen og song den seint og tidleg».

Likevel fekk ikkje «Lys og varme»plass i den nye salmeboka.

– Det er jo ein liten, pjuskete song. Den er ikkje i nærleiken av å vere pompøs, og passar sikkert ikkje hos dei maskuline forvaltarane av trua, trur Aleksandersen.

– Då vi valde ut tekstar til salmeboka 2013 måtte vi ha ein rettleiande definisjon. Vi kom fram til at det må vere ein teologisk dimensjon i teksten. Den må seie noko om Gud, Jesus, mennesket sitt forhold til Gud eller til skaparverket. Derfor blir ikkje ein heilt vanleg song som ikkje har ein gudsdimensjon i seg ein salme.

Det seier Vidar Kristensen. Han leia arbeidet med den nye salmeboka som kom i 2013.

LES OGSÅ: – Eg gløymer at eg sit i fengsel når vi har korøving

Tre songar skapte offentleg debatt

Vidar Kristensen

TOK NI ÅR: Arbeidet med den nye salmeboka byrja allereie i 2004. For nøyaktig eitt år sidan var den endeleg ferdig.

Foto: Siv Thompson / Kirkerådet

– Det er mange fine salmar me kunne tatt inn, men det skal jo vere ein balanse på det. Det skal vere salmar ein kan bruke alle sundagar i kyrkjeåret, salmar til bryllaup, gravferd og alle slags høve. Då kan ein fort få for mange salmar til kvart avsnitt. Salmeboka kan ikkje vere for stor heller. Då mister den noko av brukarvenlegheita, forklarar han.

Det kom eit forslag til ny salmebok i 2008. Den var i to bind og hadde 4000 salmar, men det blei for tungvint for folk å bruke. Den førre salmeboka kom i 1985 og 67 % av salmane i den er med i 2013-versjonen. 33 % av innhaldet er nytt.

– Eigentleg berre tre songar det har vore ein offentleg debatt om dei skulle vere med eller ikkje: «Julekveldsvisa», «Til ungdommen» og «Eg ser». Den fyrstnemnde kom med, men det gjorde ikkje dei to andre, fortel Kristensen.

– «Eg ser» går det an å gje ei teologisk tolking, men Bjørn Eidsvåg gjer ikkje det sjølv. Han uttalte offentleg at han oppfattar det meir som ein solosong og synest ikkje den har noko plass i salmeboka. Men han har jo fleire andre songar i salmeboka, då, seier Kristensen.

Bjørn Eidsvåg ville ikkje kommentere saka til nrk.no, men skreiv på Twitter om dette i 2011 då det blei snakka mykje om den nye salmeboka i media.

– «Eg ser» er ikke egnet som allsang og de to andre er for intime og innehar ikke kvaliteter som salmer bør ha, de kan brukes rundt leirbålet, tvitra han då.

I arbeidet med den nye salmeboka har Kristensen og dei andre som sette den saman prøvd å ta med mest mogeleg av salmane som folk brukar.

– Mange artistar har sunge salmar dei siste åra, og fleire har kome med i salmeboka med sjølvskrivne songar. Mange har òg byrja å bruke musikk i kyrkja som ikkje er klassiske salmar. Det har vore mange omsyn å ta, seier Kristensen.

LES OGSÅ: Her er dei mest populære salmane

Kulturstrøm

  • TMZ: Limp Bizkit-bassist Sam Rivers er død

    Limp Bizkit-bassisten Sam Rivers er død, skriver TMZ.

    Han ble 48 år. TMZ viser til en post på bandets offisielle Instagram-konto.

    – I dag mistet vi vår bror. Vår bandkamerat. Vårt hjerte, skriver bandet.

    Det amerikanske bandet ble i september presentert som et av de store på festivalen Tons of Rock i 2026 i Oslo. De har aldri spilt i Norge før.

    Rivers var med å starte bandet, kjent for «Break Stuff», «Rollin’» og «Nookie» på 90-tallet, men forlot det i 2015. Årsaken var en leversykdom forårsaket av mye alkohol. Etter en levertransplantasjon kom han tilbake tre år etterpå.

    Dødsårsaken er ikke kjent.

    en mann som spiller gitar foran en folkemengde
    Foto: Yalonda M. James / AP / NTB
  • Ingen nordmenn har klart det etter dem

    Lørdag 19.oktober 1985 ringte telefonen i leiligheten der Morten, Magne og Pål bodde i London. Det var med beskjeden om at låta deres Take On Me hadde nådd 1.plass på den amerikanske Billboard Hot 100-lista. Nå hadde a-ha den singelen som var mest spilt på radioer og mest kjøpt av folk i hele USA. Etter det har ingen nordmenn hatt musikk på toppen av den listen!

    -Vi startet på toppen sier Magne Furuholmen i intervjuet du kan høre i Musikklivet, og denne endret alt.

    Take On Me startet som "The Juicy Fruit Song", med bare melodien og riffet til Magne og Pål i deres første band Bridges. Mortens sang på refrenget er inpirert av Richard Strauss «Also sprach Zarathustra». Tempoet er like raskt som en moderne technolåt. Og videoen med tegneseriesekvensen var banebrytende, og ofte etterlignet siden.

    40 år senere listes Take On Me fortsatt opp blandt popens beste låter. Riffet gjør sangen gjenkjennlig på få sekunder. Og fortsatt er det nesten umulig å synge som Morten på refrenget, som går over 2 1/2 oktav.
    - Den var ikke laget for å være noen sing-a-long, forteller Magne i Musikklivet.

    Morten Harket, Magne Furuholmen og Paul Waaktaar-Savoy
    Foto: Michael Ochs Archives / Getty Images
  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka