Hopp til innhold

- Steinaldernivå

- Jazzen er på steinaldernivå når det gjelder likestilling, mener jazzstudenter.

Ukas P2-artist Silje Nergaard

Silje Nergaard opptrer på Moldejazz komande laurdag. Berre 12 av 70 konsertar under festivalen har kvinner på scenen.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

- Eg har lyst på litt fleire damer rundt meg. Eg har ikkje lyst til å gå på skule med bare gutar og ha bare mannlege lærarar, seier Nina Kristine Linge, ei av initiativtakarane til jazzcamp for jenter som blei arrangert i Trondheim i helga.

Eit vedvarande problem

Linge meiner at det står dårleg til med likestillinga i norsk jazz.

- Så dårleg at me må arrangera ein jazzcamp bare for damer.

I Norsk jazzforum er det ein kvinneandel på berre 14,5 prosent. Og dei fleste av desse er vokalistar. Mangelen på kvinner innan jazzmiljøet i Norge er ikkje eit nytt, men eit vedvarande problem.

- Ikkje nok å ta av

I november i fjor påla kulturministeren Trondheim Jazzorkester å få kvinner med i den faste staben i orkesteret, men det viste seg å vera enklare sagt enn gjort.

Trondheim Jazzorkester ved leder Eirik Hegdal

Eirik Hegdal frå Trondheim Jazzorkester

Foto: NRK

- Trond Giske har forstått at det ikkje bare går an å kreva at kvinner skal inn i orkesteret. Det er sjølvsagt eit ønske for oss også, men det er rett og slett ikkje så mange kvinner å ta av, seier Eirik Hegdal frå Trondheim Jazzorkester.

- Jazzfeltet har på mange vis blitt eit maskulint fellesskap, og det kan vera vanskeleg for kvinnelege utøvarar å finna seg til rette der. Det er også få rollemodellar, seier Heidi Stavrum, som har forska på temaet jenter og jazz i Norge.

- Viktig med oppmuntring

Heidi Stavrum

Forskar Heidi Stavrum

Foto: www.hit.no

Stavrum meiner at det ikkje er så lett å gjera noko med likestillinga i det profesjonelle miljøet, men at ein kan gjera noko for dei yngre utøvarane

- Det går til dømes an å oppmuntra jenter i kulturskulen til å setja seg bak trommesettet i staden for stilla seg bak mikrofonen. I Sverige har dei også hatt vellykka forsøk med reine jazzklassar for jenter på ein folkehøgskule. Jazzkamp for jenter høyrest ut som eit bra tiltak som kan inspirera jenter til å satsa profesjonelt på jazz.

Jazzcamp

17 år gamle Nina Hagen Kaldhol, synest ho har lært mykje ved jazzcampen for jenter:

- Det er spennande å sjå at det er mange som er utruleg flinke, og at vi kan læra mykje av kvarandre.

- Dette skal bli et årlig arrangement. Og me skal ekspandera, me har store planar! seier intiativtakar Nina Kristine Linge.

Kulturstrøm

  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka

  • Tidligere Kiss-gitarist er død

    Familien bekrefter til Variety at Ace Frehley er død, 74 år gammel. Litt tidligere meldte TMZ at han lå i respirator etter hjerneblødning.

    Frehley fikk en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden.

    Frehley var med å starte Kiss i 1973, sammen med Gene Simmons, Paul Stanley og Peter Criss, Bandet som er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer.

    Kiss fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982, men ble gjenforent med bandet i en periode på midten av 90-tallet.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    En gruppe mennesker med masker som spiller instrumenter på en scene
    Foto: PAUL WARNER / AP / NTB
  • – Meir nedtona, meir angst

    Kor roleg, tilslørt og plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre nedstemt og trist?

    På «How Did I Wind Up Here?» tøyar Spellemannprisen-vinnande Jouska (30) grensene for kor mykje skjør angst sjangeren toler, og lagar eit nydeleg album i prosessen, skriv NRK P3s kritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    Albumet blir gitt ut 17. oktober.

    en person som sitter på gulvet ved siden av en gitar
    Terningkast 5 Musikk

    «Kor plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre trist?»

    ANMELDELSE: «How Did I Wind Up Here?» av Jouska