Hopp til innhold

Vil ha fleire bruer inn i Hordfast

Framstegspartiet er ikkje nøgd med berre ei bru på den ferjefrie E39-traseen mellom Sunnhordland og Bergen. Dei vil også ha bruer mot både aust og vest inn i planarbeidet.

Søviknes og Hordfast

BRU MOT AUST OG MOT VEST: Terje Søviknes og Hordaland Framstegsparti vil ha bru til Fusa og Austevoll inn i planarbeidet for ferjefri E39 Aksdal–Bergen. Frå før er det vedteke bru over Bjørnafjorden.

Foto: Marit Hommedal (Scanpix)/NRK Kart / Montasje

Det vart bestemt på Hordaland Framstegsparti fylkesårsmøte denne helga. Partiet vil jobba for å få fleire bruer inn i det vidare planarbeidet for ferjefri E39 Aksdal–Bergen.

– Prosjektet har stor samfunnsnytte og vil binde saman arbeidsmarknaden i Sunnhordland og Bergensregionen. Enno større nytte vil prosjektet få om også kommunane Austevoll, Kvinnherad og Fusa vert knytt til E39, heiter det i pressemeldinga frå partiet.

I desember vart det klart at regjeringa går for midtre trasè med bru over Bjørnafjorden.

Bru i både aust og vest

Ferjefri E39

VIL HA FLEIRE: Dette er eit av forslaga til bru over Bjørnafjorden. No vil ein også ha bruer til Austevoll og Fusa.

Foto: Statens vegvesen (illustrasjon)

Terje Søviknes, gruppeleiar i fylkestinget for Hordaland Framstegsparti, seier ein no vil jobba for å realisera eit tverrsamband mot vest med bru frå Reksteren over til Austevoll og mot aust med bru frå Os til Fusa (sjå kart i toppen av saka).

- Vi meiner det bør vera ein del av den samla planprosessen som no vert sett i gang i regi av Staten. Begge sambanda er omtalt i konseptvalutgreiinga. Vi vil no senda ein førespurnad til samferdselsministeren og få vurdert om det er mogleg å få desse bruene inn i det vidare planarbeidet, seier Søviknes til NRK.

Prislappen på den fem kilometer lange brua over Bjørnafjorden ligg allereie på kring 19 milliardar kroner. Søviknes veit ikkje kva to bruer over Fusafjorden i aust og Selbjørnsfjorden i vest vil kosta i tillegg.

– Det har vi ikkje rekna på i detalj. Det vil jo bli meir, men vi meiner det er riktig å tenkja gode tverrsamband inn mot kyststamvegen når ein no likevel skal realisera kanskje tidenes samferdselsprosjekt i Hordaland.

Langt på veg samd

Ordførar Hans Vindenes (Senterpartiet) i Fusa kommune var ein av fem ordførarar som signerte eit protestbrev til samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) då han bekrefta valet av midtre trasé i desember.

Han ynskja opphavleg at E39 mellom Aksdal og Bergen skulle gå indre trasé om Fusa. Det blir ikkje noko av, men han er glad for at fleire vil jobba for at kommunane som ikkje får ny veg vert kobla på den nye E39-traseen.

– Dette er noko vi har høgt på agendaen. Eit av dei viktigaste argumenta for indre trasé var å koma mykje nærare Bergen. Ei slik bru vil også sikra det, seier Vindenes til NRK.

– Er det realistisk å få to bruer til inn i Hordfast-prosjektet?

– Absolutt. Begge bruene vil resultera i at ein kan kutta ferjesamband og arbeidsmarknaden i Bergensregionen og Sunnhordland vert knytt saman. Vi meiner det er eit godt samfunnsøkonomisk prosjekt, svarar Søviknes.

– Det vil tida visa. Det er viktig at desse bruene er med i planane og at det blir statleg finansiert, seier Vindenes.