Hopp til innhold

Vedfyring tar fleire liv enn utslepp frå biltrafikk

1700 nordmenn døyr for tidleg kvart år grunna svevestøv frå vedfyring. – I norske byar er vedfyring det viktigaste ein kan gjera noko med, seier ekspert.

Piper i Bergen

DØDELEG STØV: Det er om lag 20.000 gamle vedomnar i bruk i bergenske heimar. Luftforskar meiner det er viktigare å gjera noko med forureininga frå desse, enn å få ned biltrafikken.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Sjølv om biltrafikken får den største merksemda i kampen mot lokal luftforureining, viser europeisk forsking at det er utslepp frå vedfyring som tar flest liv.

– I norske byar er vedfyring truleg det viktigaste og beste tiltaket ein kan ta tak i dag, seier seniorforskar ved Norsk institutt for luftforsking, Christina Guerreiro, som har forska på luftforureining i 20 år.

Nye utrekningar frå det europeiske miljøbyrået viser at om lag 2000 nordmenn i 2012 døydde for tidleg grunna luftforureining. Over 80 prosent av dødsfalla skuldast ikkje nitrogendioksid frå dieselbilar, men det mest finmaska svevestøvet som i norske byar først og fremst kjem frå vedfyring.

– Påverkar hjarte og blodårer

– Desse partiklane går ikkje berre inn i lungene, dei går også over i blodsirkulasjonen og påverkar det kardiovaskulære system (hjartet og blodårene red.anm), forklarar Guerreiro.

Onsdag blei det innført tre dagars datokøyring i Bergen i håp om å få ned dei høge verdiane av svevestøv og No2. Likevel viste målingane ulovleg høge forureiningsverdiar. På kalde vinterkveldar i Bergen stig konsentrasjonane av det fine svevestøvet frå vedfyring når folk er heime på kveldstid - ikkje i rushtida som No2-målingane.

– Debatten har diverre nesten berre konsentrert seg om utslepp frå vegtrafikk, og i mindre grad fokusert på vedfyring som ein viktig luftforureningskjelde, seier forskaren.

PM2-nivå

HØGE VERDIAR: Grafen viser at PM2-nivåa, som i hovudsak skuldast vedfyring, har stige opp på raudt nivå dei siste tre kveldane.

Foto: luftkvalitet.info

Lovar å hente panteordninga tilbake

Julie Andersland

PANTEORDNING SKAL BLI: Klimabyråd Julie Andersland lovar å gjeninnføra panteordninga som gav bergensarane 5000 kroner dersom dei skifta ut gammal omn med ny.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Klimabyråd i Bergen Julie Andersland (V) meiner alt tyder på at politikarane har vore for lite opptatt av konsekvensane av innbyggjarane sin peiskos.

– Dette er veldig alvorleg. Det er klart at det er noko vi politikarar må vera merksame på, og absolutt styra politikken etter, seier ho.

Etter fleire år med kommunal panteordning for gamle vedomnar i Bergen, blei ordninga fjerna i 2011. Andersland lovar at byrådet i løpet av kort tid skal sørga for eit comeback for panteordninga.

– Venstre har snakka om panteordninga for vedomnar i årevis, og har hatt det inne i alle våre alternative budsjettforslag. Hadde vi kunna hatt ei slik satsing over tid ville vi ha kome mykje lenger med utskiftinga enn vi er i dag, seier Andersland.

Laster innhold, vennligst vent..

– Viktig å skifte ut gamle omnar

Cristina Guerreiro ved Norsk Institutt for luftforsking meiner utskifting og riktig bruk av omnar må til om helsefaren skal reduserast.

– Dersom ein framleis fyrer med gamle omnar, vil det vera eit stort steg i riktig retning å skifte dei ut. I tillegg må folk læra å fyra riktig, det vil seie med mykje luft og tørr ved, poengterer Guerreiro.

Tommy Gjørøy

– HJELPER MED 5000 KRONER: Butikksjef Tommy Gjørøy ved Smart varme i Bergen, meiner det hjelper veldig med kommunen sin panteordning for alle som vurderer å skifte ut den gamle vedomnen.

Foto: Sølve Rydland / NRK