Hopp til innhold

Seier ikkje nei til å bli minister

– No blir det gøy å driva Frp-politikk, seier ein stolt Austevoll-ordførar Helge André Njåstad.

Austevoll-ordførar Helge André Njåstad

HISTORISK: Austevoll-ordførar Helge André Njåstad seier gårsdagen var ein historisk dag for Noreg.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Eg er veldig glad for at dei fire partia har gått saman om ein samarbeidsavtale, seier Austevoll-ordførar Helge André Njåstad (Frp) til NRK.no.

Han er også glad for at Framstegspartiet har fått gjennomslag for fleire av sine viktige saker.

– Dette er ein stor merkedag for Framstegspartiet og ein historisk dag for Noreg, som får ei så god avklaring på ikkje-sosialistisk side som sikrar stabilitet, seier han.

To pluss to

Dagen etter stortingsvalet sa den nyvalde stortingsrepresentanten til NRK at han helst ville ha ei regjering med alle dei fire borgarlege parti.

Han meiner likevel den nye samarbeidsavtalen blir ei god løysing.

Njåstad legg ikkje vekt på at den påtroppande regjeringa er ei topartiregjering, men kallar det heller ei «to pluss to»-løysing.

– Det er også ei opning for at KrF og Venstre seinare kan gå inn i regjeringa viss dei vil, påpeikar han.

Lansert som minister

Dagbladet lanserer i dag Njåstad som fiskeriminister i den nye regjeringa.

Han legg ikkje skjul på at det er hyggjeleg å bli nemnt.

Njåstad trur det er mange på Vestlandet som meiner det er på tide at denne landsdelen får fiskeriministeren.

–Det er ingen politikarar på eit høgt nivå som vil seia nei viss dei får tilbod om å bli minister. Men det blir interessante oppgåver uansett kva rolle ein har, seier Njåstad.

Trine Skei Grande, Knut Arild Hareide, Erna Solberg og Siv Jensen

SAMARBEID: I går kveld la dei fire partileiarane fram den historiske avtalen.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix