I går blei det kjent at Trond Mohn sel familiebedrifta Frank Mohn AS for 13 milliardar kroner til svenske Alfa Laval.
På ein pressekonferanse i går sa Trond Mohn at det svenske selskapet har lova å fortsette med produksjon i Norge og at dei 1200 personane i bedrifta ikkje vil miste jobbane sine.
Men næringslivet på Vestlandet er uroa for at sal av bedrifta til Sverige kan komme til å råke landsdelen.
– Me har grunn til å stille spørsmålet: kjem dei nye eigarane til å halde fram med å utvikle denne landsdelen slik Trond Mohn AS har gjort til no? Det seier Ove Lunde i interesseorganisasjonen HOG Energi.
(Artikkelen held fram under biletet)
– Ingenting å frykte
Trond Mohn og konsernsjef i Alfa Laval, Lars Renström, besøkte i dag ulike anlegg i Frank Mohn konsernet.
Her uttrykte dei tilsette uro for arbeidsplassen sin.
– Dei har hatt to spørsmål. «Får me behalde jobbane våre?» og «skal Frank Mohn utvikle seg vidare og vekse?» Svaret er absolutt ja på begge spørsmål, seier konsernsjef Lars Renström.
Han seier dei tilsette ikkje har noko å frykte.
– Frank Mohn skal framleis drive med vidareutvikling av teknologi. Me har bedrifter i 55 land, og fleire av desse er sjølvstendige. Me har gode moglegheiter for å halde fram med å vekse.
– Lokale eigarar har vore bra for Vestlandet
– Eg håpar at dei som har kjøpt selskapet er opptatt av å utvikle selskapet lokalt, seier Marit Warncke i Bergen Næringsråd.
Bergensselskapet Frank Mohn AS omsette i fjor for 3,4 milliardar kroner. Produksjonen går i hovudsak føre seg på Venjaneset i Fusa og på Flatøy i Meland kommune.
Næringsminister Monica Mæland håpar dei nye eigarane vil bidra til fleire arbeidsplassar og auka verdiskaping i byen.
– Som dei fleste andre bergensarar tykkjer eg det er vemodig når store familieselskap vert seld ut av Bergen. Me har erfart at lokale eigarar er bra for Bergen fordi dei har følt eit ansvar for byen, seier ho.
LES OGSÅ:
Omstridt sal
Salet av Frank Mohn AS har fått sonen til Mohn, Frederik Wilhelm Mohn, til å reagere. Han har kalla salet «ei skam» og sagt at han vil vurdere å ta saka til retten for å stoppe salet.
– Kva tenker du om konflikten mellom far og son?
– Det er ikkje mi oppgåve å kommenter det, seier Renström.
Konsernsjefen er ikkje overraska over at kjøpet har fått mykje merksemd i media.
– Me visste at firmaet er respektert. I tillegg er det eit firma med mange tilsette i Bergensområdet. Eg skal bruke tid på å bli kjent med næringslivet i regionen, lovar Renström.
LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)