Hopp til innhold

Theo skal skapa ro og trivsel for demente

Den høgteknologiske robotselen Theo er det nye tilskotet av hjelpemiddel på Teiglandshagen bufellesskap. Selen er ein ny terapiform for personar med demens.

Den høgteknologiske robotselen Theo er det nye tilskotet av hjelpemiddel på Teiglandshagen bufellesskap på Bømlo. Selen skal vera eit terapeutisk og sosialt hjelpemiddel i arbeidet med personar med demens.

VIDEO: Den høgteknologiske roboten har sensor på kroppen som registrere berøring, i tillegg til at den respondere med bevegelsar når nokon snakkar med han.

Klara Elise Iversen (82) er ei av bebuarane som bruker Theo. Ho sit på rommet sitt i bufellesskapet og lyser opp når spesialsjukepleiar Wenche Landmark Steinsbø kjem inn i rommet med Theo i handa.

Frå å vera veldig trøytt, er Klara plutseleg heilt vaken. Klara byrjar å stryka og responderer på Theo sine lydar og rørsler.

Den høgteknologiske roboten har sensor på kroppen som registrere berøring, i tillegg til at den respondere med bevegelsar når nokon snakkar med han.

– Når Klara no fekk Theo så kunne ein sjå dei gode effektane som terapi-selen har på demente. Klara vakna med ein gang då ho såg han. Det var full klaff, seier spesialsjukepleiar Wenche Landmark Steinsbø.

Vi ser at pasientane har utbytte av det. Dei får gje omsorg og dei vert rolegare.

Avdelingsleiar Maj Tove Meling
Holder Theo

GODE EFFEKTAR: – Når bebuarane får Theo i fanget så får dei ei kjensla av at dei betyr noko for nokon, seier spesialsjukepleiar Wenche Landmark Steinsbø. Her sit Klara Elise Iversen med Theo.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Veldig viktig

– Dette er tenkt som eit terapeutisk og sosialt hjelpemiddel i arbeidet vårt med personar med demens. For ein person med demens er detta veldig viktig, seier avdelingsleiar Maj Tove Meling.

Den skal vera terapeutisk ved at den skal skapa tryggleik, dempa uro og snu ein kritisk situasjon til positiv. Sosialt skal den gje pasienten glede og gode stunder, stimulera til kommunikasjon og gje tillit.

– Når dei får Theo i fanget så får dei ei kjensla av at dei betyr noko for nokon. Det er viktig for å forsterka identiteten, seier Steinsbø.

Gode resultat

– Vi ser at pasientane har utbytte av det. Dei får gje omsorg og dei vert rolegare, seier Steinsbø.

– Det er viktig å ha kunnskap om pasientgruppa skal vi få mest mogleg ut av Theo, for folk reagerer ulikt på han, seier Steinsbø. Men det er klart at Theo fremjar det friske i hjernen hos personar med demens.

Ikkje erstatning

– Det er mange etiske ting vi må tenka på, men etter kvart som vi har brukt den så ser vi at den har effekt og det er veldig viktig, seier Meling.

– Det er nokon som er skeptiske og det skal vi ta på alvor. Nokon kan sjå på det som ein barnsleg leik, og det er ein modningsprosess å bruka denne roboten i terapeutisk hensikt, seier Meling.

sel

HJELPEMIDDEL: Denne selen skal vera eit terapeutisk og sosialt hjelpemiddel i arbeidet med personar med demens.

Foto: Tale Hauso / NRK

Men ho understrekar at det ikkje skal bli erstatta med menneskeleg kontakt.

– Nei, det skal på ingen måtar bli erstatta, seier Meling.

– Kvifor ikkje bruka levande dyr?

– Vi har vurdert katt og hund, for det har mange erfaring med tidlegare. Men mange har negative erfaringar, som til dømes at ein katt har klort eller at ein hund har bete tidlegare i livet deira. Denne selen er derimot meir ufarleg og ein har ingen vonde minner om den, seier Meling.

Dyr investering

Teiglandshagen bufellesskap er førstemann i Hordaland som nyttar robotselen. Totalt i Norge er det cirka 15 slike robotselar.

For å dekka innkjøp og sertifiseringskurs av robotselen vart kostnadane om lag 70.000 kroner. Teiglandshagen bufellesskap var så heldig å få kjøpa Theo på sponsa midlar.

TV-aksjonen i 2013 med øyremerking til demens frå Nasjonalforeininga for folkehelsa gav 30.000 kroner. I tillegg har Nasjonalforeininga Bømlo demensforeining gitt 15.000 kroner, og eit fond oppretta av pårørande ved bufellesskapet la inn resten.

– Den kosta jo ein del og vi har eit budsjett som ikkje har rom for å kjøpa ein slik robotsel inn. Vi er veldig glade for at vi var så heldige å få midlar som gjorde at vi kunne kjøpa denne selen, seier Meling.