Hopp til innhold

Her vert hønene redda frå flaumen

Tysdag måtte sivilforsvarssjefen i Odda sjå huset sitt forsvinne i dei store vassmassene. I dag fekk han eit lite lyspunkt.

Med intervju

SJÅ VIDEO: Her blir hønene til sivilforsvarssjefen redda ut av uthuset, like ved Opaelva. Foto: Christian Kråkenes | Redigering: Kjell Jøran Hansen.

Høner i uthus i Odda

HØNER I NØD: To høner og ein hane budde i dette uthuset i Odda. Uthuset var farleg nær å bli tatt av vassmassane

Foto: Christian Kråkenes / NRK

Knut Granheim har hatt travle og tunge dagar. Sidan elva Opo gjekk over breiddene sine har han jobba for fullt med å hjelpe politiet og lokalbefolkninga i kampen mot dei store vassmassene. Tysdag morgon måtte han sjølv sjå sitt eige hus rase saman og forsvinne i elva.

I dag fekk han eit lyspunkt. Eit uthus er ein av dei få teikna på at det ein gong stod eit hus ved elvebredda. Inne i uthuset bur Granheim sine to høner og ein hane.

Det gule bygget har bokstavleg tala låge nær stupet i fleire dagar, men torsdag var det kritisk. Det vart difor sett i gong ein redningsaksjon for å få hønene ut før elva tok med seg uthuset.

  • SJÅ REDNINGSAKSJONEN I TOPPEN AV SAKA

Statsråden på besøk

Høner i uthus ved Opaelva i Odda

PÅ KANTEN: Uthuset låg farleg til ved Opaelva. Det har på grunn av flaumen ikkje vore trygt å ta seg ned til uthuset før i dag.

Foto: Christian Kråkenes / NRK

Personar frå kommunen og Sivilforsvaret bidrog i redningsaksjonen. Huset var sikra med fleire stroppar, og ved å bryte seg gjennom vindauge fekk mannskapet tak i dei tre fjærkrea inne i bygget.

– Der fekk dykk tak i dei, det var bra, smiler Granheim når han sjølv kjem til staden etter redningsaksjonen.

Sivilforsvarssjefen forklarar til NRK at dei ikkje kom seg ned til uthuset med hønene når flaumen stod på som verst.

– Det var ikkje trygt nok. I dag er dette eit lyspunkt oppe i det heile. Eg skal passa godt på hønene no og skal late vera å ete dei, smiler han.

Glad for besøk frå statsråden

Innbyggjarane i Odda fekk i dag besøk av olje- og energiminister Tord Lien. Granheim fekk moglegheita til å sjølv vise statsråden kvar huset hans stod før det vart slukt av vassmassane tysdag.

Sivilforsvarssjefen er glad for at energiministeren tek seg tid til å besøka den flaumråka kommunen.

– Det er kjekt at dei bryr seg om oss. Me treng hjelp for å få dette til å bli bra igjen. Dykk ser jo sjølv kor gale det er, seier Granheim til NRK.

– Imponert

Flaumen har ført til 68 innbyggjarar er evakuert frå området ved Opaelva, og fleire har sett hus og heim gå med. Energiminister Tord Lien seier skadane har gjort stort inntrykk på han.

– Samstundes må eg seie at eg er imponert over korleis lokale krefter saman med nasjonale krefter har handtert denne saka, sa han til NRK då han vitja Odda torsdag.

Slik ser det ut i Odda etter flaumen.

SJÅ VIDEO: Sjå helikopterbilete frå flaumen i Odda.