Hopp til innhold

No går det mot oppseiingar i lokalavisene

Tilsette i Schibsted-aviser kan bli sagt opp utan sluttpakker. – Då me fekk den beskjeden, trur eg mange følte det som eit slag i trynet, seier tilsette-representant.

Kuttar i lokalavisene.

OPPSEIINGAR: No ser det ut til å gå mot oppseiingar utan sluttpakke i dei Hordaland-baserte avisene Vestnytt og Strilen. – Eg trur mange stussar over at ei bedrift som går i pluss må gå til så drastiske steg, seier Anders Jacobsen, journalist og representant for dei tilsette i Vestnytt-styret

Eg trur mange stussar over at ei bedrift som går i pluss må gå til så drastiske steg.

Anders Jacobsen

I juni blei det kjent at avisene Bygdanytt, Vestnytt, Askøyværingen og Strilen må kutte med ti millionar innan 2016. Dette skulle løysast ved frivillig nedbemanning og ved at avisene gjev ut ei mindre avis i veka.

Men no ser det ut til at det kan gå mot oppseiingar i både Vestnytt og Strilen, begge eigd av Schibsted Norge via BT.

Etter nye styremøte i dei to lokalavisene 19. august, blei det òg klart at eigarane ikkje vil tilby sluttpakker eller gåvepensjon til dei tilsette, skriv Journalisten.no

– Me trudde jo lenge at ein skulle få til dette med frivillig avgang eller med sluttpakker. Då me fekk beskjeden, trur eg mange følte det som eit slag i trynet, seier Anders Jacobsen, journalist og representant for dei tilsette i Vestnytt-styret.

Færre aviser i veka

Elisabeth Netland

FIRE MÅ GÅ: – Det er klart dette vil merkast godt på ein så pass liten arbeidsplass når fire skal bort, seier Elisabeth Netland, redaktør i Vestnytt.

Foto: NRK

Askøyværingen og Bygdanytt har alt kutta til saman to årsverk ved hjelp av naturleg avgang. Fire årsverk av 14 skal kuttast i Vestnytt, og 4,3 i Strilen.

Dei lokale tilsette føler seg dårleg behandla i det store mediekonsernet, fortel Jacobsen.

– Eg trur mange stussar over at ei bedrift som går i pluss må gå til så drastiske steg. Det er dumt at folk som har ofra mange timar og år for å gjere dette til ei veldig god avis, kan komme til å få ein slik avskjed.

Elisabeth Netland, redaktør i Vestnytt, seier dei kjem til å merke dei varsla kutta på fleire måtar.

– Det er klart dette vil merkast godt på ein så pass liten arbeidsplass når fire skal bort. Men dette er dei rammene styret meiner me har å bevege oss innanfor. Det er noko eg berre må ta til etterretning.

Andre følgjer av kutta blir at både Strilen og Vestnytt må gå frå tre utgivingar i veka, til to.

Nye forhandlingar onsdag

Stig Erik Elliott

TRULEG IKKJE SLUTTPAKKE: Det er ikkje slik at folk ville sprunge jublande ut her frå med sluttpakke. Men det er klart det er lettare å få folk til å akseptere nedbemanning med sluttpakke, seier Stig Erik Elliott, redaktør i Strilen.

Foto: NRK

Styrevedtaket frå 19. august seier åtte stillingar må kuttast i dei to avisene utan sluttpakker. Men det er enda ikkje heilt avgjort, seier redaktør i Strilen, Stig Erik Elliott.

Onsdag er det klart for nye forhandlingar mellom tillitsvalde og leiinga. Dei lokale klubbane og dei tillitsvalde har reagert på prosessen, som skal drøftast på møtet.

– Alle her er innforståtte med at det kjem til å bli kutta årsverk. Eg kan ikkje seie heilt sikkert korleis dette blir før onsdag, men inntil vidare må me stelle oss til dei styrevedtaka som er fatta.

Fredag blei det kjent at 38 årsverk skal kuttast i sørlandsavisa, Fædrelandsvennen. Dei tilsette får der tilbod om sluttpakke, i motsetning til korleis det ser ut til å bli i dei Hordaland-baserte avisene Strilen og Vestnytt.

– Det er ikkje slik at folk ville sprunge jublande ut her frå med sluttpakke. Men det er klart det er lettare å få folk til å akseptere nedbemanning med sluttpakke, seier Elliott.

LES OGSÅ: Skrur opp prisen på 65 av 66 aviser

Vil ikkje gje opne sluttpakkar

Siv Tveitnes har berre vore direktør for Bergens Tidende i nokre veker, før ho no må vurdere oppseiingar.

Ho meiner lokalavisene no merker motgang som resten av mediebransjen har vore igjennom i fleire rundar allereie.

– Lokalavisene våre har gjennom dette året møtt den inntektsnedgangen som dei større avisene har opplevd gjennom fleire år. No treffer det lokalavisene ganske brutalt, og det er fall i papirinntektene som først og fremst rammar dei, seier ho.

Siv Tveitnes

IKKJE SLUTTPAKKAR: Administrerande direktør Siv Tveitnes i BT seier det ikkje er snakk om sluttpakkar. Ho vil heller løyse det med frivillige løysingar.

Foto: NRK

Vi tek vare på innhaldet i digitale kanalar. Det er kostnadskrevjande og bemanningskrevjande å drive papiravis.

Siv Tveitnes, adm. dir. i Bergens Tidende
Tveitnes fortel at det no vert jobba med å finne ut korleis ein skal klare kutta i dei to Schibsted-eigde avisene. Førebels er det ikkje snakk om sluttpakkar.

– Vi har ikkje sagt noko om dei som sluttar skal få økonomisk kompensasjon. Vi har sagt vi ikkje vil opne for opne sluttpakkar. Grunnen til dette er at vi ikkje meiner det er ei god løysing i liten organisasjon.

Tveitnes seier administrasjonen no skal prøve å finne frivillige løysingar, utan å gå i detalj akkurat kva ho ser for seg.

– Journalistikken vert halde oppe

– Korleis vert dei tilsette behandla oppi dette?

– Eg er trygg på at dei vert behandla på ein god måte. Det kan sjølvsagt oppstå usemje mellom partane i ein slik situasjon, men no er det slik at dette styrevedtaket har vore samrøystes.

Direktøren meiner kuttrundar frå andre mediehus syner at det er mogleg å halde fram med god journalistikk.

– Eg trur vi kan seie at kvaliteten på journalistikken har vore halde oppe, og i nokre tilfelle også forbetra. Men det vert tøffare prioriteringar om kva ein skal skrive om. Fleire av avisene kjem til å redusere talet på avisar og satse meir digitalt.

– Vi tek vare på innhaldet i digitale kanalar. Det er kostnadskrevjande og bemanningskrevjande å drive papiravis.

– Er dette ei nedprioritering av dei små avisene i konsernet?

– Nei, det vil eg absolutt seie at det ikkje er. Desse har no møtt den utfordringa vi har på inntektssida seinare enn dei store mediehusa har gjort. Vi gjør dette for å bygge framtida, og absolutt ikkje for å satse mindre, seier Tveitnes.

Håpar styret vil strekke ut handa

Strilen

STRILEN: Eit styrevedtak frå 19. august syner at Strilen må kutte 4,3 årsverk og Vestnytt fire.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

Dei tilsette i dei to avisene har lenge vore usikre på kven som vert råka av kutta.

– Dette har tatt lang tid. Me har gått rundt og levd med ei uvisse i mange månadar, og det har vore tøft. Men eg tykkjer alle dei tilsette har vore flinke til å halde motet oppe, produsere stoff og gjort ein god jobb sjølv om ein har denne mørke skya hengande over seg, seier representant for dei tilsette i Vestnytt-styret, Anders Jacobsen.

Han håpar styret og leiinga vil komme fram til ei løysing dei tilsette kan leve med.

– Eit eller anna som syner at ein strekker ut handa til dei tilsette, men konkret kva det skal vere vil eg ikkje spekulere i.

LES OGSÅ: – En av seks ansatte slutter i BA

Lesarar av Vestnytt og Strilen om kutta.

SJÅ VIDEO: Lesarane kjem til å merke kutta i Vestnytt og Strilen ved at avisene går frå tre utgivingar i veka til to.