Hopp til innhold

Har fleire backar på ønskelista

BRANN STADION (NRK): Brann satsar alt på å fylle holet i bakre rekker før overgangsvindauget stenger. – Vi har konkrete namn på lista, seier sportssjefen.

Brann-trener Lars Arne Nilsen mot Follo på Brann Stadion

BACKUP PÅ BACK: Brann-trenar Lars Arne Nilsen vil ha forsterkingar på backplassen før hausten viktige opprykkskamp. Her styrer han skuta då Brann møtte Follo førre veke.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Rune Soltvedt

JAKTAR VEVATNE: Sportssjef Rune Soltvedt i Brann seier dei framleis har håp om å få over Viljar Vevatne frå Bryne allereie i sommar.

Foto: Kaspar Knudsen / NRK

Det bekreftar sportssjef Rune Soltvedt i klubben til NRK etter 1–0 sigeren over Levanger måndag kveld.

– I utgangspunktet har me to reine backar. Me ser difor etter det på marknaden, for me er meir utsette på den plassen enn andre plassar på bana, forklarer Soltvedt.

Bergensklubben har heilt klart fått blod på tann og ønskjer å forsterka laget før ein krevjande haustsesong. Trenar Lars Arne Nilsen sa til NRK tidlegare i sommar at han ønskjer seg ein breiare stall når laget går inn i siste halvdel av årets førstedivisjon.

Har namn på blokka

For medan klubben har god dekning på keeperplass, midtstopparplass og heilt fremst på topp, har klubben lite å velje mellom på backane.

– Vi har ein ubalanse som gjer at vi vil få utfordringar ved skader og karantenar. Spelarlogistikken må vi sjå på i sommar om vi skal vera med heilt i toppen i haust, sa Nilsen til NRK i juli.

Amin Nouri og Erlend Hanstveit okkuperer startplassen bak på sidene, men det er elles lite å velja mellom i stallen.

– Har de konkrete namn på blokka?

– Ja, det har me, svarar sportssjef Rune Soltvedt kort.

Vil ha Vevatne inn no

Bryne-back Viljar Vevatne

PÅ VEG: Bryne-back Viljar Vevatne sluttar seg til Brann-troppen 1. januar, men Brann jobbar framleis med å få han inn allereie i haust.

Foto: Johansen, Carina / NTB scanpix

Tidlegare i juli sikra Brann seg venstrebacktalentet Viljar Vevatne frå Bryne. 20-åringen sette namnet sitt på ein kontrakt som gjer han til Brann-spelar til og med 2017-sesongen.

Men Vevatne sluttar seg ikkje til Brann-troppen før 1. januar. Men Brann skal likevel ikkje ha gitt opp håpet om å henta den fleksible 20-åringen allereie i sommar.

Overgangsvindauget i Norge denne sommaren stengjer 18. august.

Fått fart på poengsankinga

Etter ein flau start på sesongen har trenarskiftet i bergensklubben fått litt meir fart på sakene, sjølv om trepoengaren i går var alt anna enn imponerande. Men ettersom Sogndal snubla på overtid borte mot Ranheim, må sigeren ha smakt ekstra godt.

For Brann har altså meldt seg på igjen i opprykkskampen og ligg no på tredjeplass, fem poeng bak tabelltopp Sogndal etter 17 kampar.