Hopp til innhold

Får leita etter konge i kyrkjevegg

Veggen i Bergen domkyrkje kan opnast for å leita etter Magnus Lagabøte.

Magnus Lagabøte

Kong Magnus Lagabøte si byste heng blant annet i Stavanger domkyrkje, men det er i Bergen domkyrkje han blei gravlagt. No kan han vera funnen, murt inne i ein tjukk vegg.

Foto: Bård Løken/Samfoto og Kjetil Rydland/NRK

Riksantikvaren har no gitt Bergen kyrkjelege fellesråd (BKF) løyve til å undersøka korveggen i Bergen domkyrkje nærare. Dette skal gjerast for å fastslå om det kan vera gjenstandar av verdi i veggen, skriv Ba.no .

– Riksantikvaren skriv i brevet at ein får lov til å bora eit hol i veggen og setta inn ein sonde som kan fotografera alt som kan vera inni dette gravkammeret. Dette blir veldig spannande, seier Gunnar Rosenlund til NRK.

I slutten av april i år undersøkte Sintef veggen i domkyrkja med georadar . Hobbyhistorikaren Gunnar Rosenlund brukte 60.000 kroner til å leiga inn Sintef. Rosenlund er sikker på at sarkofagen til Magnus Lagabøte er å finna inni veggen.

Overraska over rask respons

– Det var veldig gledeleg at dei var så pass raske, det hadde eg ikkje forventa, seier Rosenlund.

Sintef fann i april at det ligg ti ulike gjenstandar inni muren. Dei meiner blant anna at det kan ligga ein person oppi sarkofangen i full rusting. Dette har bidratt til utslag på metall under undersøkinga.

LES OGSÅ: På skattejakt i kyrkjeveggane

Rosenlund trur det høyrer til eit større gravkompleks.

99 prosent sikker

– Det er fantastisk at dei no ser at det er moglegheiter for at det kan vera ei kongegrav inni der. Riksantikvaren har fått Sintef-rapporten, og eg trur nok dei blir nøydde til å undersøka dette, seier Rosenlund.

– Trur du dei finn noko?

– Det er eg overbevist om. Magnus Lagabøte er ikkje blitt funnen nokon annan stad, seier Gunnar Rosenlund.

– Ein kan sjølvsagt ikkje vera 100 prosent sikker på dette, men eg trur det er 99 prosent sikkert, og Sintef meiner det er 95 prosent sjanse for at det er ein sarkofag der. Alt tyder på at det er eit veldig flott gravkammer inni veggen der, legg Rosenlund til.

Forskere fra SINTEF er nå på skattejakt i Bergen. Målet er å finne en sarkofag til en konge som ble gravlagt med uvurderlige gjennstander.

Sjå video frå skattejakta i Bergen domkyrkje tidlegare i vår.

Startar planlegging etter ferien

Det er imidlartid ikkje alle som er einige med Rosenlund. Arkeolog og kongeekspert Øystein Ekroll er 99 prosent på at Magnus Lagabøte ikkje ligg i veggen domkyrkja .

Bergen kyrkjelege fellesråd opplyser til Ba.no at dei vil starta å planlegga opninga av veggen når ferien er over. Men dei veit førebels ikkje kor langt tid førebuing og sjølve arbeidet vil ta.