Hopp til innhold

– Takk for meg, Erna

Kommunestyrerepresentant Kristin Myrås (49) melde seg denne veka ut av Høgre i protest etter Erna Solbergs abortutspel.

Kristin Myrås og barnebarnet

FEKK NOK: Kristin Myrås, her med barnebarnet, melde seg denne veka ut av Høyre etter statsministerens opning for å sjå på abortparagrafen.

Foto: Privat

Da statsminister Erna Solberg (H) opna for å sjå på paragrafen som sikrar kvinner rett til sjølvbestemt abort, fekk kommunestyrerepresentant Kristin Myrås i Lunner kommune nok.

– Det vart eit prinsipp, seier Myrås til NRK.

Det var avisa Hadeland som omtalte saka fyrst.

I eit innlegg på si eiga facebook-side adresserer Myrås statsministeren og takkar for seg.

«Takk for meg, Erna. Det har vore mykje bra politikk, mykje moro (...) No er det ikkje like hyggeleg meir.»

I innlegget fortset ho.

«Da du opna for ein eventuell forhandling med kvinners allereie vedtekne rettigheiter, for å lokke til deg KrF, så kjende eg eit gufs frå to år attende da du lefla med reservasjonsmoglegheita for fastlegar. Den massive motstanden det genererte burde ligge så langt framme i pannelappen at du ikkje byrja å gamble med kvinners rettigheiter og avgjerd over eigen kropp på ny. »

– Det vart berre vanskelegare og vanskelegare å forsvare at eg sit i Høgre, seier Myrås til NRK.

– Mine eggstokkar skal ikkje vere ein posisjonskamp

Det er paragraf 2c i abortlova som er kjernen i striden. Statsminister Erna Solberg har opna for å diskutere endringar av denne med KrF, viss dei søkte regjeringssamarbeid på borgarleg side.

Erna Solberg med blå bakgrunn

VILLIG TIL Å DISKUTERE: – Høyre har enda ikkje diskutert konkrete løysingar, og har heller ingen ferdig skrevet tekst med inn i forhandlingane. Men vi har sagt at vi er villige til å diskutere også dei vanskelege sakene med KrF.

Foto: Fabrizio Bensch / Reuters

Tysdag sa Erna Solberg at det ikkje er Høyres politikk å endre paragraf 2c i abortlova.

Kristin Myrås har fått attendemeldingar frå folk som meiner at det hadde vore betre å kjempa for dette innanfor partiet. Men ho har fått nok.

– Eg skjønar jo at mest sannsynleg vil ikkje dette gå gjennom. Det er nok av vettuge folk som kjem til å seie nei.

Myrås seier til avisa Hadeland at ho oppfattar denne saka som ein flørt frå Høgre for å få KrF til å velje borgarleg side.

Utmeldinga handlar om prinsipp i politikken.

– Det er noko med at mine eggstokkar ikkje skal vere ein posisjonskamp.

Generalsekretær i Høgre, John-Ragnar Aarset, fortel til NRK at dei har fått auka medlemstal den siste veka.

– Høgre har i perioden 2. november til 7. november fått 150 nye medlemmar og 43 utmeldingar. Tolv av dei som har meldt seg ut har oppgitt alternativet «spesiell grunn».

Kontakta av andre parti

Myrås er inne i si andre periode i kommunestyret. No blir ho ein uavhengig representant, men berre fram til lokalvalet i 2019.

– Fleire parti har kontakta meg for å høyre om eg vil melde meg inn der. Men eg får sjå.

Men tida som kommunestyrerepresentant blir berre fram til neste års kommuneval.

– Eg har jo allereie før utmeldinga takka nei til attval, seier Myrås.

– Eg har hatt ni aktive år i Høgre, og eg har lagt ned mykje tid og krefter i det. No kjenner eg at eg ikkje orkar å styre med det. Så dette vart ei protestutmelding.