Utanriksminister Børge Brende møtte i dag FN sin generalsekretær Ban Ki Moon i New York, og hadde då med seg tjue nye millionar som skal gå til det internasjonale arbeidet etter tyfonkatastrofa på Filippinane.

Dei tjue millionane vil bli kanalisert gjennom FN, Raudekrossen og andre frivillige organisasjonar som jobbar på bakken i Filippinane, skriv den norske ambassaden i Manilla på sine heimesider.

– Eg vil uttrykkje min sympati til det filippinske folk som har blitt råka så kraftig av denne katastrofen, seier Børge Brende.

Noreg gav på søndag dei første tjue millionane, og har også gitt 25 millionar kroner til FNs naudhjelspfond (CERF). Det gir ei samla støtte på 65 millionar kroner.

Då utanriksminister Brende gav dei første millionane på søndag varsla han samstundes at Noreg ville bidra med meir pengar så snart dei fekk betre oversikt over behova på Filippinane.

– Det er ein sjølvfølge at Noreg stiller opp og hjelper Filippinane i denne alvorlege humanitære krisa, sa Brende då.