Hopp til innhold

Miljøkatastrofen du ikkje har høyrt om

I Asia er minst seks land dekte av røyk frå ein enorm skogbrann i Indonesia. Kvar dag skaper brannen like mykje miljøgassar som heile USA. Alt for å få plass til palmeoljeplantasjar.

Indonesia, skogbrann, slukkingsarbeid

Ein frivillig bidreg i sløkkingsarbeidet utanfor byen Palangkarava i Indonesia. Landet er råka av hundrevbis av brannar som slepp enorme mengder miljøskadelege gassar. Brannana vert kalla ei av verdas største miljøkatastrofer.

Foto: BAY ISMOYO / Afp

I fleire veker har flammane herja i Indonesia. Tjukk røyk spreier seg over Indonesia og nabolanda, Malaysia, Singapore, Vietnam, Kambodsja og Filippinene. I tillegg er det sørlege Thailand råka av røyken. Enorme skogområde er øydelagde av flammane, og også dyrebar regnskog vert øydelagd av brannane.

Brannen her herja i fleire månader allereie, utan at det har ført til særleg merksemd frå internasjonale medium. Så langt er 19 menneske døde av brannen, men ein halv million menneske har opplevd å få pusteproblem som følger av røyken frå brannen. Og også dyreliv og skogsareal har blitt påført store skader.

Det skal vere 230 brannar som herjar samstundes, spreidde rundt over eit stort område. 22,000 brannmenn er sette inn i sløkkingsarbeidet, skriv den australske nettavisa News.com.

Satelittbilete viser hundrevis av brannar i Indonesia

Satelittbilete frå NASA viser hundrevis av aktive brannar (markert med raudt) i Indonesia og røyken som stig opp frå brannane og dekker heile seks land i regionen.

Foto: NASA

«Hogg-og-brenn-taktikk»

Brannane skal ha starta på grunn av ein såkalla «hogg og brenn»-taktikk, der store område med skog vert fjerna raskt, slik at ein kan starte nye plantasjar. Indonesia er verdas største produsent av palmeolje, og det er difor bruk for store landareal.

Bøndene har lov til å brenne rundt to hektar skog kvar, men styresmaktene handhevar ikkje lovene særleg godt. Ekspertar seier at folk også set fyr på jord ulovleg for å kunne rane til seg ytterlegare land.

Indonesia røyk frå store skogbrannar

Enorme område er dekka av røyk frå dei mange skogbrannane. Nokre stader kan ein berre sjå 50 meter. Seks land er råka av røyken, og over ein halv million har oppsøkt lege på grunn av pusteproblem.

Foto: Ap

Indonesia er difor jamleg råka av brannar som herjar. Men i år er det ekstra tørt i området på grunn av det ekstreme vêrfenomenet El Niño, og brannane er difor verre i år enn tidlegare. Brannen åleine står for meir gassutslepp i løpet av ein dag enn det heile USA gjer, skriv World Resources Institute.

40 millionar utsette for røyk

Satellittbilete frå Indonesia viser at brannane råker fleire øyer, og røyken spreiar seg langt.

Det er også ei utfordring at område består av mykje torv. Brannane held fram i torva i fleire veker, og slepp ut store mengder metan, karbonmonoksid og andre miljøfarlege gassar. Brannane går også djupt i bakken, og er vanskelege å sløkke.

Indonesia, skogbrannar øydelegg store område

Eit politiband er sett opp ved eit område som er heilt øydelagd av brannar ved Palangkaraya i Indonesia. Brannane er under etterforsking av politiet, som skal sjekke opp alt har skjedd etter lovverket. Skogbrannar er sit stort problem i Indonesia, som er verdas største produsent av palmeolje. Bønder set fyr på skogar for å få plass til nye palmeoljeplantasjar.

Foto: DARREN WHITESIDE / Reuters

Over 40 millionar menneske, fordelt på fleire land, er utsette for dei giftige gassane, særskild ille er det på Sumatra og Borneo. Folk trenar ikkje utandørs, og sikta er berre på 50 meter dei verste stadane. Brannen skaper også diplomatisk bråk mellom dei råka landa.

No er krisa så stor at eigne bønnemøte vert haldne, der deltakarane ber om at ein regnskur snart skal bidra til litt mindre tørke og brann, skriv News.com.

SISTE NYTT

Siste nytt