Hopp til innhold

F-ordet skaper på ny splid i FN

Ein ny resolusjon i høve 20-års markeringa om massakren i Srebrenica skaper splid i FNs Tryggingsråd. Russland likar ikkje ordlyden i britane sitt resolusjonsforslag, og reagerer særskild på bruken av ordet «folkemord».

BOSNIA-SREBRENICA/ From the Files: Srebrenica Massacre - 20th Anniversary

I 2013 vart 409 nye offer etter Srebrenica-massakren identifiserte. Her sørger tre kvinner ved kista til ein av sine kjære.

Foto: DADO RUVIC / Reuters

Var massedrapa i Armenia for 100 år sidan eigentleg eit folkemord? Armenia meiner det, men Tyrkia er sterkt ueinige. Og er det eit folkemord som Sudans president Omar al-Bashir er ansvarleg for i Darfur-regionen? Det har det også vore ueinigheitar om lenge – og medan folkemordsdiskusjonen går, så held valden fram i Darfur.

I desse dagar behandlar eit splitta tryggingsråd ein ny FN-resolusjon, og det er nok ei gong ordet «f-ordet» som er kjelda til konflikt.

BOSNIA-SREBRENICA/ From the Files: Srebrenica Massacre - 20th Anniversary

Ei kvinne har nettopp gått inn i eit rom kor 3500 kister vert oppbevart for identifisering. Biletet er frå 2002, sju år etter massakren.

Foto: DAMIR SAGOLJ / Reuters

– Fordømme dei som ikkje kallar det folkemord

I resolusjonsutkastet som er skrive av Storbritannia står det mellom anna at ein skal fordømme alle tilfelle der massakren i Srebrenica ikkje vert omtalt som eit «folkemord». I tillegg står det at det «å akseptere dei tragiske hendingane i Srebrenica som eit folkemord er ein føresetnad for forsoning».

Russland er sterkt ueinige i desse formuleringane, og meiner det bidreg til meir splid enn forsoning å vere såpass tydeleg. Enkelte meiner russarane kan kome til å bruke vetoretten sin for å stanse resolusjonen.

Russland meiner det berre er den eine sida av konflikten som vert høyrt. Og ved russarane si side står Serbia, som ifølgje nettstaden «Whats in Blue» har sendt brev til fleire medlem av tryggingsrådet for å be dei stanse resolusjonen.

BOSNIA-SREBRENICA/ An aerial view of the memorial center in Potocari near Srebrenica

I Potocari, ikkje langt frå Srebrenica, er det reist minnemerke etter massakren.

Foto: DADO RUVIC / Reuters

Meiner resolusjonen kan skape ustabilitet

I tillegg til Serbias visestatsminister og utanriksminister, så har også bosniske politikarar med serbisk bakgrunn engasjert seg og signert brevet til dei ulike rådsmedlemmene. På Balkan er det framleis mange som nektar å kalle massakren for eit folkemord.

Noreg er derimot blant landa som omtaler massakren i Srebrenica som eit folkemord.

UN-AFGHANISTAN-SECURITY COUNCIL

FNs tryggingsråd diskuterer i desse dagar ein resolusjon om massakren i Srebrenica. Her eit bilete frå tryggingsrådssalen.

Foto: JEWEL SAMAD / Afp

Russland og Serbia meiner resolusjonen til Storbritannia favoriserer Bosnia og Hercegovina sitt offisielle syn på Srebrenica-massakren i 1995. Og dei vil at resolusjonen skal stansast fordi den kan påverke stabiliteten i regionen negativt.

Det er første gong i historia at tryggingsrådet forsøker å bli einige om ein resolusjon om massakren. Tryggingsrådet hadde nytt møte om resolusjonen i går, utan at dei vart einige om eit endeleg utkast. Rådet kjem til å diskutere ordlyd og formuleringar vidare i dagane som kjem.

SISTE NYTT

Siste nytt