Rederiforbundet sitt skip blir lasta med hjelpeforsyningar - Rederiforbundet sitt skip i Manila, Captain Felix OCA, blei tysdag kveld lasta med dei siste forsyningane før det sette kursen mot dei tyfon-råka områda. - Foto: Norges Rederiforbund/Norwegian Training Centre /

Rederiforbundet sitt skip i Manila, Captain Felix OCA, blei tysdag kveld lasta med dei siste forsyningane før det sette kursen mot dei tyfon-råka områda.

Foto: Norges Rederiforbund/Norwegian Training Centre

Norsk skip på veg med 100 tonn forsyningar

Rederiforbundet måtte utsetja avreisa til skipet som skal inn til dei tyfonråka områda på Filippinane. Pågangen frå hjelpeorganisasjonar som vil ha forsyningar og personell om bord, har vore enorm.

Skipet, Captain Felix OCA, skulle ha reist frå Manila klokka 17 norsk tid tysdag ettermiddag, men kom seg først av garde seint på kvelden på grunn av uventa stor interesse frå blant anna Raudekrossen, Verdas helseorganisasjon, Verdas matvareprogram og filippinske organisasjonar.

– Når fartøyet tysdag kveld set kursen mot Tacloban, er det lasta med totalt 100 tonn ris, vatn, medisinar og teknisk utstyr for naudhjelpsarbeid, fortel direktør i Rederiforbundet Harald Solberg til NRK.

Lugarkapasiteten på 200 personar er sprengd, opplyser Solberg. Om bord er både helsepersonell, hjelpearbeidarar og mannskap.

Forsyningar til tyfon-råka område, Filippinane - 100 tonn med forsyningar er på veg til områda som er hardast råka av tyfonen Haiyan med Norges Rederiforbund sitt skip. - Foto: Norges Rederiforbund/Norwegian Training Centre /

100 tonn med forsyningar er på veg til områda som er hardast råka av tyfonen Haiyan med Norges Rederiforbund sitt skip.

Foto: Norges Rederiforbund/Norwegian Training Centre

Utan mat og vatn

Den kraftige tyfonen Haiyan råka delar av Filippinane med full styrke den 7. november. Det blei først rapportert om at minst 12.000 menneskeliv truleg hadde gått tapt i katastrofevêret. Tysdag opplyser presidenten i landet at dette talet ser ut til å vera langt lågare enn frykta.

Situasjonen er likevel desperat og prekær for dei ti millionane som er råka. Mange øysamfunn er framleis isolerte, og manglar både mat og vatn.

Harald Solberg, Rederiforbundet - Harald Solberg er direktør i avdelinga for næringspolitikk og kommunikasjon i Norges Rederiforbund.Norges Rederiforbund

Harald Solberg er direktør i avdelinga for næringspolitikk og kommunikasjon i Norges Rederiforbund.

Foto: Norges Rederiforbund

Hjelpeorganisasjonane fryktar også for utbrot av dødelege sjukdomsepidemiar, og fortvilar over at dei ikkje kjem seg dit nauden er verst.

– Sjøvegen er einaste alternativ

– Situasjonen på Filippinane er krevande og uoversikteleg. Hjelpearbeidarane kjem ikkje fram til kriseområda fordi vegar og annan infrastruktur på land er øydelagd. Sjøvegen er einaste alternativ og me er ein av få som har skip i området, fortel direktør Solberg i Rederiforbundet til NRK.

Captain Felix OCA er eit treningsskip som normalt blir nytta av Rederiforbundet sin skule for opplæring av kadettar i Manila, Norwegian Training Centre (NTC).

Skipet skal etter planen vera framme ved Tacloban torsdag kveld norsk tid.

Lastskip slengt på land i Tacloban på Filippinene - Eit lasteskip som blei kasta på land av tyfonen i Tacloban viser kor sterke naturkrefter som har vore i sving. - Foto: ROMEO RANOCO / Reuters

Eit lasteskip som blei kasta på land av tyfonen i Tacloban viser kor sterke naturkrefter som har vore i sving.

Foto: ROMEO RANOCO / Reuters

Utvalgte dokumentarer

Amerikansk dokumentar. Etter at de amerikanske styrkene trakk seg ut av Irak i 2011, har situasjonen i landet forverret seg. Nå regjerer et utbredt kaos, og USA blir på ny trukket inn i konflikten. Denne dokumentaren ser nærmere på USA sin rolle, fra invasjonen i 2003 til dagens desperate situasjon. (2014)
Britisk dokumentar fra 2014. Oppfølger til "Min bror, islamisten" hvor Robb følger sin halvbror Rich, for å forstå hvorfor han ble en radikal islamist og til slutt endte i fengsel for å ha planlagt terrorhandlinger. I kveld oppsøker Robb blant andre sin brors tidligere trosfeller, "Brødrene". Kan de gi en forklaring på hvorfor Rich gikk fra å være ekstremist til å bli terrorist? (My Brother: The Terrorist)
Br. dokumentar. På busstasjonen i Peshawar skjer det som skjer over heile Pakistan. Unge gutar blir utnytta og mishandla av vaksne menn. I ei undersøking svarte 95 prosent av sjåførane at å ha sex med smågutar, var det dei helst dreiv med i pausane sine. 13 år gamle Naeem blei gjeng-valdteken av fire menn då han var 10 år gamal. No er han prostituert og ønsker enkelte dagar at han aldri blei fødd. "Alle" veit om det, men få gjer noko for å beskytte gutane. (Bad Things: The Rape of Pakistan's Boys)