Eldo Kim heiter den unge studenten som etter planen skulle ha eksamen før jul, slik også mange norske studentar har hatt dei siste vekene. Men sjølv om Kim har klart å kome seg inn på psykologistudiet ved eit av verdas mest prestisjetunge universitetet, så er ikkje alt like greitt.
Evakuerte ut i vinterkulda
For Kim må ha grua seg mykje til eksamenen, sidan han sende inn bombetrugslar til universitetet per e-post. CNN er blant dei mange som har fortalt om saka, og TV-kanalen skriv om e-postar med emnetittel "Bomber plassert ut på campus".
- LES OGSÅ:
Det heile enda med at tusenvis av studentar umiddelbart vart evakuerte, og måtte stå ute i den iskalde vinterkulda i Massachusetts, medan lokala der bombene skulle vere sett ut vart undersøkt. Men det vart, sjølvsagt, ikkje funne nokre bomber, og universitetsleiinga mistenkte raskt at dette var falske trugslar.
– Bygningane vert evakuerte for tryggleikens skuld. Eg er letta over å kunne rapportere om at ingen mistenkelege gjenstandar er funne, uttalte universitetets visepresident, Katie Lapp, rett etter hendinga.
Tabba seg ut
Kim lukkast med å unngå eksamenen, som vart kansellert, men vart fort avslørt på grunn av ein tabbe han hadde gjort.
Kim hadde velt å nytte seg av eit produkt som kan opprette falske IP-adresser, slik at identiteten til sendaren av e-posten er anonym. Men sidan Kim hadde logga seg på dette programmet på skulen sitt eige trådlause nettverk kort tid før e-postane vart sende, så vart han avslørt, og han har også innrømt brotsverket.
No må Kim stille for retten, skulda for å sende elektroniske trugslar, og den unge psykologistudenten risikerer ei bot på 1,5 millionar kroner. Om så skulle skje, så er spørsmålet om Kim synest det var verdt å unngå eksamenen for ein og ein halv million kroner?