Hopp til innhold

Angriparane nedkjempa i Lahore

Pakistanske tryggingsstyrkar har no kontroll over dei to moskeane i den pakistanske storbyen Lahore, der minst 80 menneske vart drepne i dag.

Politifolk ber med seg ein såra mann ut av Garhi Shahu-moskeen.

Politifolk ber med seg ein såra mann ut av Garhi Shahu-moskeen.

Foto: STR/PAKISTAN / Reuters

To menn har greidd å flykte frå moskeen i Model Town.

To menn har greidd å flykte frå moskeen i Model Town.

Foto: STR/PAKISTAN / Reuters

- Begge bygningane er sikra, men vi jaktar framleis på opprørarar som har flykta frå staden, seier ein pakistansk talsmann. Den eine moskeen ligg i det velståande nabolaget Model Town, medan den andre ligg i den tett befolka bydelen Garni Shahu.

LES OGSÅ: Minst 80 drept i angrep mot moskeer

LES OGSÅ: Pakistan gjenåpner Facebook

Pakistansk Taliban

Det er uklart kven som står bak angrepet mot dei to moskeane, men Ali Dayan Hassan frå Human Rights Watch seier til BBC at mistanken rettar seg mot pakistansk Taliban.

Enkelte meldingar går ut på at Taliban alt har tatt på seg ansvaret for angrepet, men dette er ikkje stadfesta av pakistanske styresmakter.

Dei to moskeane, som tilhøyrer den muslimske Ahmadi-sekta, var begge fulle av folk under fredagsbønna. Midt under den religiøse seremonien storma ei gruppe menn, væpna med sprengstoffvestar, skytevåpen og handgranatar, dei to moskeane om lag samstundes.

Pakistanske politifolk jublar etter at angriparane i Lahore er nedkjempa.

Pakistanske politifolk hevar våpna over hovudet etter at angriparane i Lahore er nedkjempa.

Foto: Arif Ali / Afp

Dei truande var eit lett bytte for dei tungt væpna opprørarane. Plutseleg var moskeane forvandla til eit inferno av skyting og eksplosjonar. Vitne fortel at mennene hadde langt skjegg og at dei bar ryggsekkar.

LES OGSÅ: Pakistanske demonstranter brente norske flagg

LES OGSÅ: Minst ti drept i nytt angrep i Pakistan

Tok mange gislar

I den eine moskeen greier angriparane å ta menneske som gislar, men dei fleste av dei greidde å stikke av i ly av kampane mellom opprørarar og tryggingsstyrkar.

80 menneske vart drepne i dei to angrepa, og minst like mange vart såra.

Det er frykt for at dei av angriparane som har greidd å kome seg unna, kan gjennomføre terrorhandlingar andre stader. Derfor går soldatar og politi systematisk gjennom også nabobygningar på jakt etter overlevande angriparar.

Taliban meiner at Ahmadi-sekta ikkje er muslimar, dei ser på dei som vantru, og dei har også tidlegare gått til angrep på denne sekta.

Video Lahore: Redningsarbeidere frakter vekk skadde

VIDEO: 80 menneske vart drepne og minst like mange vart såra i angrepa.

Opprørarane skaut vilt rundt seg inne i moskeane, fortel vitne. Nokre av angriparane tok stilling oppe på toppen av minaretane, altså bønnetårna på moskeane. Herfrå skaut dei mot tryggingsstyrkane, som også var i skotveksling med angriparar inne i moskeane.

Sprengde seg inne i moskeen

Nokre av angriparane skal ha sprengt seg sjølve i lufta midt i folkemengda inne i moskeen i Harhi Skahu, blir det opplyst. Det var denne moskeen som vart utsett for det hardaste angrepet.

Ikkje stadfesta meldingar går ut på at to av angriparane frå moskeen i Model Town er arresterte.

Skotvekslinga mellom angriparane og tryggingsstyrkane heldt på i fleire timar, og augevitne fortel at området var som ein krigsskodeplass.

Det bur rundt 10 millionar menneske i Lahore, som blir rekna som denkulturelle hovudstaden i Pakistan. Byen er hovudstad i provinsen Punjab.

Den pakistanske menneskerettskommisjonen har i over eitt år åtvara mot angrep mot Ahmadi-sekta i Lahore, og kommisjonen har kravd at regjeringa set i verk betre tryggleikstiltak for den utsette minoriteten

Dramatiske scener utanfor ein av dei to moskeane i Lahore.

Dramatiske scener utanfor ein av dei to moskeane i Lahore.

Foto: Arif Ali / Afp

LES OGSÅ: Minst 45 drepne av bomber i Lahore

LES OGSÅ: Minst 15 drept i bombeeksplosjon i Lahore

SISTE NYTT

Siste nytt