NRK Meny
Normal

Minst 45 drepne av bomber i Lahore

Minst 45 menneske er drepne i to sjølvmordsaksjonar i den pakistanske storbyen Lahore i føremiddag.

Video nsps_upload_2010_3_12_10_23_28_541.jpg

VIDEO: Dobbel sjølvmordsaksjon i pakistansk storby.

To sjølvmordsaksjonar i Lahore i Pakistan

Minst 39 menneske vart drepne i det doble sjølvmordsangrepet i Lahore i dag.

Foto: K.M. Chadary / Scanpix/AP

Minst 100 menneske er såra, opplyser redningsarbeidarar til nyheitsbyrået AFP.

Den eine eksplosjonen ramma ein travel marknadsplass i eit militært område i storbyen med åtte millionar innbyggjarar. Den andre eksplosjonen ramma militære køyrety som kom til staden like etter, opplyser augevitne.

- Den første eksplosjonen var liten. Etter det vart det høyrt skyting. Like etter var det eit stort smell som ramma ein bil frå hæren, seier Mohammad Bilal, som akkurat hadde sett seg ned for å teke lunsj på ein restaurant i nærleiken.

Fem soldatar er blant dei drepne.

Eksplosjonane skjedde medan folk samla seg for å delta i fredagsbønna ved ein moskè.

Fjernsynsbilete viser såra menneske som blir hjelpte inn i ambulansar, og eit stort oppbod av soldatar.

Ein talsmann for politiet seier at det kan verke som om ein motorsykkel og ein sykkel har køyrt inn i militære køyrety.

Lahore har flerie gonger den siste tida vore ramma av sjølvmordsaksjonar. Seinast måndag denne veka vart 15 menneske drepne i eit angrep som pakistansk Taliban tok på seg skulda for.

LES: Hvem er hvem i Taliban-nettverket

LES: Taliban, Pakistan og fremtiden

Over 3000 menneske er drepne i bombeangrep i Pakistan sidan 2007.

LES OGSÅ: Minst 15 drept i bombeeksplosjon i Lahore

LES OGSÅ: Tre drept av bombe mot presseklubb

LES OGSÅ: Minst 23 drepne i Pakistan

LES OGSÅ: – Amerikanske muslimer har al-Qaida-kontakter

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt