Tillitsvald i sjukepleiarforbundet, Ann Iserid Vik-Johansen fortel om full krisemobilisering med stans i kurs, innkjøp og tilsetting av nye medarbeidarar ved sjukehuset.
Les også:
Lagt ned sengepost
Vik-Johansen seier at pasienttilbod har blitt fjerna og at sjukepleiarar kan miste jobben.
– Det er alt lagt ned ein sengepost ved medisinsk klinikk, seier Vik-Johansen.
Dei tillitsvalde har fått signal om at underskotet kan bli større før dette året er slutt.
– Underskotet kan bli på over 100 millionar kroner, viss vi held fram med den farta her, seier Vik-Johansen.
Får mindre pengar
Tor Severinsen, leiar i legeforeininga ved sjukehuset seier at situasjonen er alvorleg.
– Vi jobbar det vi kan for å snu situasjonen, seier Severinsen.
– Kva er årsaka til det store underskotet?
– Det er fleire årsaker. Vi har fått mindre pengar, blant anna frå Helse Sør Øst, seier Severinsen.
Han fortel at budsjettprosessen også er endra. Og at kvaliteten på nokon av tenestene ved sjukehuset er blitt betre.
Hamna i eit uføre
Økonomidirektør Tom Helge Rønning legg ikkje skjul på at sjukehuset har ein hamna i eit uføre.
– Det er ein svært alvorleg situasjon, seier Rønning.
Han seier at den økonomiske situasjonen er krevjande, og fortel at ein av grunnane er at sjukehuset får eit underskot enn dei rekna med.
– Underskotet ser ut til å bli 30 millionar kroner meir enn det vi hadde rekna med, seier Rønning.
Og sidan sjukehuset hadde budsjettert med eit underskot på 25 millionar kroner, viser prognosene at det samla underskotet blir på 55 millionar kroner.