Austerrikske Diethart blei offer for svært varierande vindforhold under kontinentalcup-rennet i tyske Brotterode.
Sjå video av det brutale fallet her:
– Kan vere karrieretruande
Diethart blei frakta til sjukehus i Meiningen. Der blei det fastslått at han var kraftig forslått, men utan alvorlege skader.
Likevel kan eit slikt fall vere karrieretruande, fortel NRKs hoppekspert Johan Remen Evensen.
– Storhopparen Thomas Morgenstern hadde eit liknande fall. Det kan skje med Diethart som med Morgenstern - at han blir redd og slit med å hoppe på ski, seier Remen Evensen.
– Sjølv om ein kjem seg tilbake i bakken igjen kan eit slikt fall sitte lenge i bakhovudet. Det kan vere karrieretruande. Vi får bare håpe at han ikkje får frykt for å hoppe godt, legg Remen Evensen til.
Mista sjølvtilliten
Morgenstern la opp i 2014 etter ei eventyrleg hoppkarriere. Austerrikaren falt riktig nok i Kulm, ein langt større bakke enn den Diethart var uheldig i denne helga.
– Eg har ikkje fått tilbake selvtilliten eg behøver etter det stygge fallet førre sesong, sa Morgenstern då han la opp.
Sjå Morgensterns fall her:
Dietharts brutale møte med bakken gjør det gjerne lettare å forstå at juryen ofte begrensar farten i hoppkonkurransar og i verste fall må avlyse renn.
– Det er enorme krefter i sving. Konsekvensane er brutale om det går gale. Det er når ein ser slike fall at ein ein skjønnar kvifor juryen er forsiktige. Det er ikkje spennande å sjå renn der juryen er forsiktig, men når juryen bommar i vurderingane ser ein raskt kor gale det kan gå, seier Remen Evensen.
– Har slitt med vekta
Diethart hoppa seg plutseleg inn i verdseliten då han vann hoppveka samanlagt i 2014. I sesongane etter har han slitt tungt med å levere nye, lange svev.
– Han kom frå intet, vann hoppveka og forsvann like raskt igjen. Eg veit at han har slitt med å halde låg vekt. Det har kanskje påverka hoppinga hans, seier hoppekspert Remen Evensen.