Verken Emil Hegle Svendsen, Tarjei Bø eller Ole Einar Bjørndalen klarte å leve opp til eigne og publikums forventningar på fredagens sprint i italienske Anterselva.
- Hegle Svendsen tapte leiinga samanlagt i verdscupen, bomma tre gonger totalt og hamna til slutt på ein 23. plass.
- Tarjei Bø skulle reise kjerringa etter dårleg skyting i førre verdscuprunde, men kollapsa totalt då han bomma heile fire gonger på andre og siste skyting. Fjorårets verdscupvinnar blei nummer 40.
- Ole Einar Bjørndalen snakka om sigersambisjonar før rennet. Det var han langt unna. Den tidlegare giganten i skiskyttarsirkuset enda til slutt på 56.-plass.
Sjekk samanlagtstillinga i verdscupen her!
Svenske overraska alle
I staden kapra ein 22-åring frå Sverige sigeren nok så sensasjonelt. Ut frå intet kom Fredrik Lindström og vann 18,2 sekund framfor Evegeniy Garanichev på andreplass.
Framfor tusenvis av tilskodarar kunne svensken innkassere sin første verdscupsiger nokon sinne.
VIDEO: Fredrik Lindström overraska alle og tok sigeren i Anterselva
Denne unge svensken kunne juble for sin første verdscupsiger fredag.
– Dette gjør meg skeptisk
Totalt bomma Svendsen, Bø og Bjørndalen elleve gonger på sprintens to skytingar.
– Det Norge viser no gjør meg skeptisk framfor det som skal skje framover, seier NRK-kommentator Ola Lunde og siktar til VM i mars.
Stort bedre gjekk det heller ikkje for nordmennene Ronny Hafsås og Lars Berger. Begge bomma fire gonger kvar.
Innsatsen er den dårlegaste i sprint sidan 1994. Då blei Jan Åge Tyldum nummer 25 under OL på Lillehammer.
Bare Lars Helge Birkeland gjennomførte to greie skytingar. Han tok med seg ein bom til mål, men gjekk alt for seint i sporet.
Laurdag kan nordmennene reise kjerringa. Då er det 15 kilometer fellesstart for menn. I tillegg skal damene gå stafett.
VIDEO: Her går det rett vest for Emil Hegle Svendsen
Emil Hegle Svendsen sprekk på siste skyting.