Hopp til innhold

Så utmattande er alpinistanes villaste prøve

KITZBÜHEL (NRK): Pulsen stig mot maksnivå på speilblank is og lungene jobbar det dei kan klare i alpintsportens hardaste renn. – Mange er letta når dei reiser herifrå, sjølv om dei ikkje lukkast.

Jansrud

Kjetil Jansruds første prøve i Kitzbühel kjem under Super-G-rennet, men den største prøven går her i utforløypa laurdag.

Foto: CHRISTOF STACHE / Afp

I løpet av halvanna minutt vil Kjetil Jansrud vere ferdig med fredagens viktigaste arbeidsoppgåve. Då kan standarden vere sett for den største verdscuphelga i 29-åringens liv.

Kitzbühels beste mann på samtlege utfortreningar er ein av favorittane til å vinne Super-G rennet i superkombinasjonen.

Men skal han bli konge må han vinne i det som blir kalla verdas farlegaste utforrenn. Super-G-løypa krev sin mann, men den fysiske og psykiske stortesten finn stad i enorme «Die Streif» laurdag.

– Pulsen går allereie før eg er i gang. I enkelte periodar under rennet vil eg tippe at pulsen min ligg opp mot maks, som er ca. 200. Truleg har eg kanskje opp mot 190 i puls, seier OL-vinnaren frå Sotsji.

Mentalt utslitte

I tillegg er det å førebu seg til dei to avgjørande minutta i løypa med enorme hopp og stupbratte heng ei stor mental påkjenning, fortel austerrikske Georg Streitberger.

– Det er vanskeleg. Du konsentrerer deg knallhardt heile dagen for å køyre i kun to minutt, seier Streitberger og hevar augebryna.

Streitberger

– Det er vanskeleg. Du konsentrerer deg knallhardt heile dagen for å køyre i kun to minutt, seier Streitberger.

Foto: DOUG PENSINGER / Afp

Dette er det brutale rennet der «alle» er fornøgde med å bare gjennomføre, fortel tidlegare landslagstrenar Marius Arnesen.

– Utøvarane er er gira når dei kjem, men letta og mentalt utslitte når dei er ferdige. Folk er letta når dei reiser herifrå, sjølv om dei hamna på 30-plass, seier Arnesen.

– Nær full lungekapasitet

Det er torsdag føremiddag. På klink is susar Jansrud gjennom løypa. Det går i langt over 100 kilometer i timen frå start til slutt. Og dette er bare treningsrenn, men likevel er den store tribunen i målområdet fylt opp av fleire tusen alpintelskarar som gispar i det nordmannen forserer «Die Streif» raskare enn konkurrentane.

For å suse ned til bestetid i Hahnenkammrennet må ein også ha stor lungekapasitet, fortel Jansrud.

– Eg veit at dei har målt oksygenopptak på utøvarar i løypa. Vi brukar nesten full lungekapasitet når vi køyrer her, så vi blir slitne.

– Det viser kor viktig det er å ikkje bare vere sterk, men også ha eit høgt oksygenopptak. Løypa her gjev gode svar på kva ein må ha for å vinne eit utforrenn, seier Jansrud.

Men ikkje kva som helst utforrenn. Denne dagen skal Jansrud ha alt og meir til for å stå igjen med bestetid. Sjølvtillit, styrke, fart og lungekapasitet i det eine alpintkonkurransen som gir evig heltestatus samme kva du presterer etterpå.

Først ventar riktig nok eit Super-G-renn på halvanna minutt, så eit påfølgande slalåmrenn, som er ei slags overtidsøkt før galskapen går i gang framfor 50-60.000-fans ved foten av det enorme Hahnenkammfjellet.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal