Ein lang og skuffande dag med to konkurransar enda med ryggtrøbbel for alpintstjerna.
– Ryggen har fått seg ein trøkk. Det er ikkje optimalt. Akkurat no er det litt sårt. Det har jo vore ein ekstremt lang dag i dag, seier Jansrud.
Kvelden før utforrennet i Kitzbühel blir alle deltakarane samla til nummertrekning i alpelandsbyen framfor tusenvis av fans. Det blir utan fartsstjerne Kjetil Jansrud.
– Diverre får eg ikkje blitt med på nummertrekninga. Eg får heller passe på at eg får køyrt utforen i morgon.
– Tull
Jansruds lange dag starta med ein skuffande Super-G. Nordmannen var spådd i toppen, men enda som nummer sju.
Like etter rennet dro han i slalåmbakken for å hastetrene til det siste rennet i superkombinasjonen.
Seint på ettermiddagen blei Jansrud til slutt nummer ni etter «overtidsøkta» i slalåmkonkurransen. Resten av kvelden går med til å få ryggen så bra som mogleg til Hahnenkamm-utforen laurdag.
– No har vi brukt mykje av dagen på noko mange sikkert meiner er tull, seier Jansrud og siktar til slalåmen, som han nesten ikkje har trent på etter at han blei meir reindyrka fartskøyrar.
– Kva tenker du om utforrennet no?
– Tenker ikkje meir over det enn eg har gjort andre dagar. Det er ein god sjanse i morgon. Eg må bare starte på nytt, seier Jansrud, som er bekymra over at han ikkje skal få nok søvn.
– Det blir ein sein kveld. Men eg håper eg skal vere utkvilt og klar til i morgon.
Fleire av Jansruds største utforkonkurrentar fekk ein mykje kortare arbeidsdag enn den norske 29-åringen. Både Hannes Reichelt og Christof Innerhofer droppa slalåmen og fekk med det meir kvile før sesongens mest spektakulære utfor.
Skuffa Jansrud: – Føler eg får dårleg betalt
OL-vinnaren er frustrert over resultata han har levert i det siste.
– Det er litt kjipt akkurat no. Eg føler eg får dårleg betalt om dagen med tanke på den innsatsen eg legg ned. Eg må bare få litt mentalt pusterom før eg går til start.
– Oppsummer dagen med eitt ord..
– Lang...., avsluttar 29-åringen.