Alt låg til rette for trøndersk europasuksess i kveld. Med 3-2 seier frå bortemøtet i Ungarn, var det eit Rosenborg-lag som viste vilje til å styre kampen frå start.
– Me fekk det som det ville, to tidlege mål og eit raudt kort i starten av andre omgang. Då var mykje gjort viss me var fornuftige og heldt ballen i laget. Det klarte me, seier ein godt fornøgd Pål Andre Helland.
Söderlund trengte berre tre sjansar
For Helland og resten av gjengen fylgde verkeleg planen om ein god start.
Høgreback Jonas Svensson sat fyrst fyr på Lerkendal. Med eit imponerande raid der han gjer alt sjølv er han nær svært nær både å starte målshowet og å gje Alexander Söderlund målgjevande pasning. Søderlund er endå nærmare sju minuttar seinare når han stussar cornereren frå Mike Jensen rett over mål.
Men det er ein grunn til at haugalendingen er toppskårar i årets eliteserie. I kveld trengte han tre sjansar.
27 minutt var gått då Pål Andre Helland slår ein nydeleg pasning mot bakre stolpe og kven andre enn Alexander Søderlund dukkar opp med pannebrasken. 1-0 til Rosenborg og ungararane må plutseleg skåre tre mål.
– Det er veldig bra satt, han må få til ein bue for å få heada den over keeper. Det er ein grunn til at han er toppskårar. Eg veit at det er berre å legge den der så er Søderlund alltid der, fortel Helland som hadde den målgjevande pasninga.
Vondt blir til verre for dei tilreisande som må angripe høgt. Store rom openberrar seg for Rosenborg og plutseleg er Mike Jensen heilt aleine rett utanfor sekstenmeteren. Dansken får all den tid han treng og plasserar ballen lekkert i krysset bak Verpecz i Debrecen-målet.
Vilhjalmsson med drøymedebut
Rett før pause klarer Geoffrey Castillion det han burde gjort i starten av kampen. Han får dempe ballen litt for enkelt i feltet og hamrar inn reduseringa.
Debrecen kunne gå inn i garderoben med eit visst håp, men Rosenborg gjev dei aldri sjansen til å kome inn igjen i kampen.
Andre omgang blir langt meir sjansefattig og Lerkendal-fansen treng aldri å bite neglar. Dei kunne heller glede seg over å sjå Matthias Vilhjalmsson presentere seg på best mogleg vis i sin heimedebut.
Jørgen Skjelvik gjer eit fantastisk forarbeid når han fossar fram på venstresida, tek seg forbi to spelarar og slår inn nesten ved dødlinja. Matthias Vilhjalmsson som kom frå Start i slutten av juli treng berre å sette pannebrasken til – og vips har han skåra sitt fyrste mål i RBK-trøya.
3-1 blir sluttresultatet og 6-3 samanlagt, Rosenborg har no berre eit hinder igjen før det kan bli nye gruppespelskampar i haustmørket på Lerkendal. Sist var i Europaligaen i 2012.