Grunnen er at Kofi Annan ikkje kan stadfeste slektskapet til Anthony Annan.
- Vi fekk tak i folka rundt Kofi Annan då han landa i Oslo i dag tidleg, og Kofi kunne ikkje stadfeste at Anthony var nevøen.
- Difor vart saka sjekka ut av programmet på vanleg journalistisk vis. Det seier prosjektleiar i Først og Sist, Charlo Halvorsen.
Anthony Annan kom til Start før denne sesongen, og han sa tidleg at han var nevø til den tidligare generalsekretæren i FN.
- Han er bror av far min, og det er eg særs stolt av. Eg har aldri sett han, men håper eg kan treffe han ein dag.
Det sa Anthony Annan til Fædrelandsvennen i februar.
Men ifølge Kofi stemmer det altså ikkje at han er i slekt med Start-spelar Anthony Annan.