Hopp til innhold

Slik har språket utvikla seg på Sørlandet

Visste du at skarre-r-en først kom til Sørlandet på 1800-talet? Eller at folk i Valle snakkar omtrent som nordmenn gjorde for 500 år sidan? Språkforskar Martin Skjekkeland dreg hovudlinjene i språkutviklinga på Sørlandet.

Søndag kveld er det premiere på Dialektriket på NRK1. I første episode er Sigurd Brokke frå Valle hovudperson.

I programmet kjem det mellom anna fram at Sørlandet er landsdelen med størst skilnad i dialektene. Det er langs kysten den største utviklinga har skjedd.

Martin Skjekkeland

Språkforskar Martin Skjekkeland.

Foto: NRK

– Årsaka til dette er ferdselsvegen langs kysten. Det har vore kontakt over store avstandar langs kysten. Kysten har hatt veldig god kontakt over Skagerak til Danmark og ikkje minst Holland på 1500-1600-talet, seier Skjekkeland til NRK.

Han er språkforskar ved Universitetet i Agder.

Blaute konsonantar på 1100-talet

Store seglskuter kom frå utlandet og la til hamn langs heile sørlandskysten. Dette gjorde at språket gravis utvikla seg.

– Forsking har vist at der mange språk og dialektar møtest, så skjer det ei forenkling i språket, seier han.

Du trudde kanskje at dei blaute konsonantane kom til Sørlandet då Norge var i union med Danmark? Då må du tru om igjen.

– Det er ikkje noko danskefenomen. Dei blaute konsonantane kom på 1100-talet. Lenge før vi var i union med Danmark. Det viser tidleg kontakt over Skagerak, seier språkforskaren.

Skarre på r-en

Når det gjeld skarre-r-en er det faktisk ikkje meir enn 200 år sidan den gradvis vart teke i bruk av sørlendingar. Den har sitt opphav i Frankrike.

– Skarre-r-en vart ei motesak blant overklassen i Frankrike midt på 1600-talet. Deretter breia den seg nordover og kom til Sørlandet på 1800-talet, seier han.

Men innover i landet er det rulle-r det går i. Ifølgje språkforskaren er den på veg nordover.

– Den breier seg framleis. Den har passert Bygland. Foreldregenerasjonen rullar nok framleis på r-en, men mange ungdommar skarrar. Det kjem nok til å halde fram i åra som kjem, seier han.

Sørlandet er staden i landet med dei største dialektskilnadene

VIDEO: Det er store dialektskilnader på Sørlandet. Sjå språkforskar Martin Skjekkeland i samtale med Sigurd Brokke frå Valle.

Venndølar i opposisjon

På Sørlandet finn vi også den tydelegaste dialektgrensa i landet. Den går mellom Kristiansand og Vennesla.

– På Mosby snakkar dei kristiansandsdialekt. På den andre sida av Kvarsteinbrua snakkar dei vennesladialekt. Det er ei av dei skarpaste grensene i landet. Ein skulle jo tru at bymålet breidde seg innover Vennesla, men det har ikkje skjedd, seier han.

Bakgrunnen er truleg at venndølane var i opposisjon til bysamfunnet i Kristiansand på 1600-talet. Dei fekk mellom anna ikkje lov til å selje tømmer i byen.

– Vennesla er ein stor og folkerik kommune. Dei har eit sterkt samfunn med kulturtiltak og sitt liv. Det er nok verre for mindre stader å halde på dialekta, seier han.

I tillegg til den tydelegaste dialektgrensa i landet finn vi også andre dialektar som skil seg ut. I Valle snakkar dei omtrent som nordmenn gjorde for 500 år sidan.

– Det har med at folk i indre bygder merka veldig lite til aktiviteten langs kysten. Dei levde sitt liv med til dels sjølvberging med jordbruk, reindrift og fiske. I Valle kom det ikkje kjerreveg før i 1846. I Bykle kom det ikkje før i 1879. Kommunikasjonen ut av dalen var veldig lita heilt til slutten av 1800-talet.

Stolt over dialekta

Så er spørsmålet: kva vil skje med dialektane i åra framover? Vil innbyggjarane i Valle klare å halde på dialekta si? Til ei viss grad, meiner eksperten.

– Vi ser at mange eldre ord og uttrykk blir borte. Vi ser at jentene tek inn fleire nye ord enn gutane. Men så er det litt i tida at ein skal halde på dialekta si. Dei tek med seg språket og prøver å ta vare på særtrekka. Dei er stolt over dialekta, seier han.

Sigurd Brokke, som er med i den nye NRK-serien «Dialektriket», er eit godt prov på at dialekta truleg vil leve i mange år framover.

– Han snakkar som dei gjorde i Valle på 1920-talet. Han er veldig trygg på det gamle språket. Han er ein moderne mann, men ein eksponent for det «ekte» Valle-målet, seier Skjekkeland.

Her kan du legge inn ditt favorittdialektord. Her er nokre av orda som er føreslegne frå Sørlandet:

Dialektriket Sørlandet
Foto: NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %