Hopp til innhold

Ny NRK-serie: – Valle-dialekta høyrest ut som Norsk folkemuseum

Sigurd Brokke frå Valle fryktar at dialekta hans vil døy ut. For ti år sidan starta han, saman med fleire andre, arbeidet med å samle inn dialektord. Søndag møter du han i den nye NRK-serien «Dialektriket».

Møt Sigurd Brokke i "Dialektriket"

VIDEO: I første episode av «Dialektriket» på NRK1 møter vi mellom andre Sigurd Brokke frå Valle.

Dialektriket

Programleiar Yasmin Syed tek oss med på ei dialektreise i Norge.

Foto: NRK

– Meir og meir forsvinn. Spesielt dei ti siste åra har det skjedd veldig mykje. Dialektane vert meir og meir utvaska, seier Brokke til NRK.

I første episode av «Dialektriket» på NRK1 søndag kveld er Sigurd Brokke hovudpersonen.

Trass i at valledialekta, og andre dialektar, er i ferd med å bli meir og meir utvaska håpar Brokke at den vil eksistere også i framtida.

– Høyres ut som Norsk folkemuseum

– Eg ser heilt klart store utfordringar, men eg vel å vere optimist. Samstundes må vi innsjå realitetane. Folk reiser meir og språket vert påverka av både aviser og tv-program. Eg håpar denne serien kan løfte språkmangfaldet, seier han.

Valle er nok mellom anna kjent for den spesielle dialekta. Som ei av deltakarane i tv-serien kommenterte når ho høyrde Sigurd Brokke prate:

– Slik eg ser føre meg at eg kanskje ville ha snakka om eg budde i Norge for 500 år sidan.

Eller ein annan:

– Det høyrest ut som Norsk folkemuseum.

Dei to er faktisk ikkje heilt på viddene. For Valle-dialekta liknar på gamalnorsk.

Sørlandet er staden i landet med dei største dialektskilnadene

VIDEO: Sørlandet er staden i landet med størst dialektskilnader.

Størst dialektskilnader på Sørlandet

I den første episoden av «Dialektriket» tek programleiar Yasmin Syed oss med på ei aldri så lita språkreise. Frå Søgne til Kristiansand – Vennesla – Bygland og til slutt altså i Valle. Sørlandet er landsdelen i Norge med dei største dialektskilnadene.

I programmet kjem det også fram at Sigurd Brokke har problem med å forstå trønderdialekta. Brokke vert teken med til Frøya der Harald Adolfsen bur. Der viser det seg at Adolfsen ikkje forstår eit «kvekk» av kva Brokke seier heller.

For å finne ut kor mykje, eller kor lite dei faktisk forstår av kvarandre, vert dei utfordra. Dei skal byggje ei bru saman.

– Trønderane snakkar så fort, så eg må følgje godt med for å henge med. Trønderdialekta er den vanskelegaste for meg, seier Brokke.

Valldøl og trøndar skal byggje bru. Men forstår dei kvarandre?

VIDEO: Sjå om Sigurd Brokke frå Valle og Harald Adolfsen frå Frøya klarer å byggje ei bru saman.

Sjå om ein mann frå Valle forstår ein mann frå Frøya og omvendt.

VIDEO: Sjå om Sigurd Brokke forstår Harald Adolfsen frå Frøya.

– Snakk seint og tydeleg

Sørlendingen hevdar at han sjeldan opplever å ikkje bli forstått på grunn av dialekta.

– Nei, det er det som er så rart. Folk seier at den er så vanskeleg å forstå, men eg opplever å bli forstått uansett kvar eg kjem. Eg er aktiv i folkemusikken og reiser litt rundt i samband med det. Eg tykkjer det går greitt, seier han.

– Men det er viktig å snakke seint og tydeleg. Eg trur ikkje vi i Valle har tradisjon for å snakke så fort heller. Så lenge eg har levd har eg mange fleire positive erfaringar med å vere dialektbrukar enn negative, seier han.

Har samla inn 10 500 ord

Sigurd Brokke er stolt over dialekta si. For ti år sidan starta han, saman med fleire andre, innsamling av dialektord i Valle. No har dei samla inn over 10 500 ord.

Men han ville aldri ein gang tenke på å «presse» sambygdingar til å halde på dialekta.

– Folk må få snakke som dei vil. Eg som jobbar med dialekt tykkjer sjølvsagt at det er leit om folk legg om, men folk må få gjere som dei vil, seier han.

Sigurd Brokke og gruppa hans har samla inn over 10 000 dialektord i Valle.

VIDEO: Sigurd Brokke har samla inn over 10 000 Valle-ord saman med sambygdingar.

I samband med den nye NRK-serien inviterer vi også folk frå heile landet til å dele sine dialektord.

Til slutt skal det beste dialektordet i Norge stemmast fram. Du kan spele inn ditt ord her eller på Facebook-sida til programmet.

Dialektriket Sørlandet

Her er nokre av dialektorda som er føreslegne på Sørlandet så langt.

Foto: NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %