Hopp til innhold

– Start sin snuoperasjon inspirerer oss

Amazon Grimstad-trenar Jahn Robert Holmgren har framleis trua på at laget skal berge plassen i Toppserien. Holmgren er mektig imponert over snuoperasjonen til Start og meiner det viser at også Amazon kan snu den dårlege trenden.

Amazon Grimstad

Amazon-trenar Jahn Robert Holmgren har framleis trua på at laget klarer seg i Toppserien.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

– Start inspirerer oss. Mons Ivar Mjelde har gjort ein kjempejobb. Vi ser tydeleg at trua er tilbake hos spelarane i Start. Det handlar om å skape tru og vinnarkultur igjen, seier Holmgren til NRK.

I helga gjekk Amazon på stortap mot serieleiar Stabæk på heimebane. Laget tapte 0–5 og har dermed spelt 13 kampar på rad utan å vinne.

Seks poeng opp

Sørlendingane ligg på kvalifiseringsplass med lik poengsum som tabelljumbo Sandviken. Avstanden opp til sikker plass er på seks poeng med fire kampar att.

– Eg trur mykje sit i hovudet på spelarane. Det handlar om å få spelarane til å tru at vi er gode og at vi er gode nok til matche alle laga i Toppserien, seier Holmgren.

Til helga møter laget Arna-Bjørnar på Levermyr i ein hengekamp. No ventar han at dei erfarne spelarane som Marit Fiane Grødum, toppscorar Trine Lise Åvik og Shannon Smyth tek ansvar i serieavslutninga.

– Vi har ein ung stall og er avhengig av at dei rutinerte spelarane står fram. Dei yngste gjer ein god jobb, men det er dei eldste som må dra lasset, seier Holmgren.

Stang ut

Mot Stabæk søndag hadde Amazon ei rekkje store sjansar. To skot i stolpen og ei redning på streken. Det gjer at trenaren har trua på siger mot Arna-Bjørnar søndag.

– Vi skapar sjansar og det er bra. Vi er gode mellom 16-metrane. Vi må setje sjansane våre og vi må bli betre i eigen boks, seier han.

– Stemninga i troppen er generelt bra. Gruppa er positiv og alle ynskjer å dra i same retning. Men vi merkar sjølvsagt at vi ikkje har vunne ein kamp sidan mai, seier han.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %