Hopp til innhold

500 demonstrerte mot Pegida

Den antiislamske rørsla Pegida skulle demonstrere på Torvet i Kristiansand, men møtte kraftig motstand.

Den antiislamske rørsla Pegida skulle demonstrere på Torvet i Kristiansand, men møtte kraftig motstand.

Nokre av personane som demonstrerte mot Pegida på Torvet i Kristiansand.

Pegida-demonstrasjon i Kristiansand

Pegida gjekk i tog i Kristiansand.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Kring 500 personar frå politiske parti og antirasistiske organisasjonar møtte opp på Nedre Torv i Kristiansand.

Opp mot 30 møtte opp for Pegida.

– Vi møtte opp for å seie nei til rasisme, enkelt og greit. Vi godtek ikkje at vi får organisasjonar i våre gater som vil utrydde ein religion, seier SU-leiar i Kristiansand, Lars Lied til NRK.

– Det er sjeldan det er ein religion som er problemet. Det er meir integreringa som er problemet i Norge, seier han.

Saman med ei rekkje andre parti og organisasjonar mobiliserte han til motdemonstrasjon, då han fekk vite at Pegida skulle markere seg i Kristiansand.

Demonstrasjon i Kristiansand

Det vart halde appellar i samband med demonstrasjonen til Pegida.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Møtt med tilrop

Arne Tumyr var ein av personane som møtte opp i demonstrasjonen til Pegida. Dei vart møtt med tilrop som «nazistar» og «rasistar». Tumyr let seg ikkje provosere.

– Det er ei rørsle som kanskje vil få folk til å innsjå at det vi står for er verken nazisme, rasisme, ekstremisme, islamofobi eller andre skumle ting. Vi vil verne

Pegida-demonstrasjon i Kristiansand

Kring 30 personar møtte opp i demonstrasjonen til Pegida.

Foto: Sander Heggheim/NRK

om det norske samfunnet og verdiane våre. Vi vil ha eit fritt Europa, seier han.

– Vi har blitt møtt med slike tilrop også tidlegare. Det er fordi dei ikkje veit kva det er dei snakkar om. Vi har på programmet vårt at vi ikkje er rasistar og nazistar, seier Tumyr.

Fram til i fjor var Turmyr leiar for organisasjonen «Stopp islamiseringen av Norge».

Ikkje meldingar om bråk

Politiet hadde fleire patruljar ute og var nøye med å halde dei to demonstrasjonane unna kvarandre.

Ei lita gruppe forsøkte å nærme seg Pegida sin demonstrasjon, men vart stoppa av politiet.

Det er så langt ikkje meldt om bråk i samband med dei to demonstrasjonane.

Demonstrasjon på torget. Motdemonstrasjon

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %