Hopp til innhold

Vil behalde Brudesløret

Fylkesmannen vil gå imot forslag om gje konsesjon for Haukaa kraftverk i Flora kommune.

Brudesløret
Foto: Ottar Starheim / NRK

Fylkesmannen vurderer at ei utbyggjing vil bli konfliktfull i høve landskap og friluftsliv. Han trekkjer spesielt fram redusert vassføring i den store fossen Brudesløret og inngrep i ope landskap i eit viktig turområde. Fylkesmannen tilrår at NVE seier nei til prosjektet, skriv Firda.

Store naturinngrep

Han meiner at byggjing av kraftverket er for omfattande for eit småkraftverk som vil produsere rundt 12 GWh. Utbyggjinga vil ifølgje Firda medføre store naturinngrep spreitt over eit stort område. Fylkesmanenn trekkjer fram at ein vil merke forskjell i vassføringa i Brudesløret som ligg eksponert til mot riksveg 614 der Vegvesenet har bygd rasteplass med utsikt til fossen.

Viktig landskapselement

Skulle ein likevel gje konsesjon, vil Fylkesmannen førslå at det må skje utan regulering av vatna i området og utan nye vegar i dei opne fjellområda. Fylkesmannen krev at ei restvassføring skal ta vare på Brudesløret som eit viktig landskapselement.