– Det er mange ting regjeringa samla sett kan bidra med. Vi er på tilbodssida og vil støtte opp om det arbeider Lærdal kommune gjer, seier justisministeren,
Anundsen seier regjeringa vil bruke dagen på å møte dei involverte og få ei oversikt. Men allereie nemner han område regjeringa vil prioritere.
– Det viktig at vi bidreg til at infrastrukturen kjem raskt på plass, og at vi får gjenoppbygd den delen av Lærdal som er hardt ramma, seier han.
- LES OGSÅ: No får dei straum og telefon tilbake.
- LES OGSÅ: Brannen kan koste over 100 millionar.
– Betyr det at regjeringa stiller med pengar til oppbygginga?
– Det må vi komme tilbake til, men det er god tradisjon i Noreg for at vi jobbar hardt sammen for å rydde opp og hjelpe til etter slike store katastrofer som dette, seier Anundsen.
Skryt av Lærdal
Dei besøkande skryt over redningsmannskapa og lokalsamfunnet..
– Det har gjort eit veldig sterkt inntrykk. Eg må sei eg er imponert over all innsatsen som er lagt ned lokalt. Det virker som samordninga har fungert bra. Det er mange som har stilt opp for kvarandre i ein ekstremt vanskeleg situasjon. Det synest eg Lærdalssamfunnet har grunn til å vera stolt av, seier justisminister Anundsen.
Saman med Erna Solberg kom han til Lærdal i føremiddag. Også fylkesmannen og fylkesordførraren er på plass. Saman med representantane for regjeringa skal dei på synfaring. Dei skal også møte menneska som er råka av katastrofebrannen.
– Eg er budd på sterke inntrykk. Men no er det viktig at folk I Lærdal opplever solidaritet frå heile fylket og landet i den tøffe tida framover, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes.
- LES OGSÅ: Statsministeren budd på sterke inntrykk.
(Artikkelen held fram under biletet)
PÅ PLASS: Også fylkesordførar Åshild Kjelsnes er i Lærdal på synfaring.
Foto: Noralv Pedersen / NRKVil ikkje ha debatt om alarmsentralar no
Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap gjekk i dag ut og sa at færre 110-sentralar vil gjere handteringa av katastrofar som i Lærdal lettare.
Det er ein debatt Anundsen ikkje vil ta no.
– Det meiner eg er ei avsporing. No skal vi ha ei evaluering av heile hendinga, og så får vi ta slike vurderingar i etterkant.
- LES OGSÅ: Vil ha færre 110-sentralar.