Hopp til innhold

Trippeldrapssikta blir avhøyrt torsdag

30-åringen frå Sør-Sudan som er sikta for trippeldrapet på Valdresekspressen, skal avhøyrast torsdag.

Løseth og åstaden

KLARE FOR AVHØYR: Regionlensmann Åge Løseth seier dei får avhøyre den sikta for trippeldrapet på torsdag.

Foto: Øyvind Bye Skille/Alf Vidar Snæland / NRK

Det stadfestar regionlensmann Åge Løseth ovanfor bt.no.

Tidlegare i dag var det uvisst om kor tid avhøyret kunne skje, men måndag ettermiddag har Løseth fått ein avtale med advokaten til den sikta mannen.

Den fysiske og psykiske helsestanden har gjort til at mannen så langt ikkje har kunne late seg avhøyre. Politiet er frustrert over den lange ventetida. I ettermiddag er det ei veke sidan dei grufulle drapa på ekspressbussen.

Det er no sett ned ei etterforskingsgruppe på 11 som skal jobbe med saka. Resultatet av avhøyret torsdag blir sentralt i politietterforsking framover. Etterforskarane håper sikta kan gi dei eit klarare bilete om kva som skjedde då dei tre om bord på bussen blei drepne.

– Den sikta sit med svært viktig informasjon om kva som faktisk har skjedd inne på bussen. Difor er det viktig for oss å få hans versjon, seier Åge Løseth til NRK.

Mannen frå Sør-Sudan er innlagt på Sandviken sjukehus for psykisk utgreiing. Han har forklart for advokaten sin at han ikkje har nokon minne av å ha utført drapa på bussen og har difor nekta straffskuld.