Hopp til innhold

Bokmelding: Vond, vanskeleg og vakker roman om vegen mot eit samanbrot

Marita Liabø sin nyaste roman, "Pusteproblem", er ei nær, vond og vanskeleg historie om ei firebarnsmor på randa av samanbrot.

Bilde av forfattar Marita Liabø

IKKJE AKKURAT ROSA: Det er ikkje ei mor av rosablogg-typen ein møter i Marita Liabø sin nye roman 'Pusteproblem'. I romanen er alkoholmisbruk og sidesprang sentrale tema.

Foto: Tove K. Breistein / Samlaget

Tidsklemme. Sjølvrealisering. Jag etter lykke. Kanskje er dette moteord, kanskje har dei kome for å bli. Sikkert er det i alle fall at dette er noko mange kan kjenne seg igjen i, og i Marita Liabø sin nye roman, "Pusteproblem", er dette nokre av stikkorda som går igjen.

Men også seksualitet, skam og svik står sentralt i historia om ei kvinne som går under i ein tilsynelatande normal kvardag, kor fyll og utruskap tar meir og meir over for firebarnsmora Hedda.

Alt anna enn rosa

Hedda er engelsklektor ved ein vidaregåande skule, og er etter eige syn ei ettertrakta kvinne i sin beste alder. Ho er gift med ein regissør som ofte er reist vekk på arbeid, og ho sitt derfor mykje aleine med foreldreansvaret for dei fire barna deira.

Hedda er ei mor som ikkje synst det er så nøye med vakkert danderte matpakkar eller at heimen skal sjå ut som ein IKEA-katalog.

Når den eine sonen fell ned frå eit klatrestativ og skadar seg i første del av boka, er det ikkje så farleg om familien kjem seg på legevakta eller ikkje. Ho har uansett gløymt nøklane på jobb, samtidig som mobilen sviktar, og blodsukkeret hos alle barna og ho sjølv har nådd ein absolutt botn.

I starten av boka er det nettopp dette upolerte og ekte som fenger meg.

Når Hedda er sliten og trøtt og utmatta, og reknar ut kor langt ut kor langt det er til ein pølsekiosk, kjenner eg meg igjen. Denne graden av attkjenning gjer at eg lett får sympati og medkjensle med Hedda.

Hovudpersonen i boka er så langt unna glitrande sukkersøte rosablogg-mødre og kjernesunne husmødrer ein kjem, og det er frigjerande å lese, sjølv om det litt etter litt skal vise seg at det er noko ròtent og skittent her, på fleire måtar.

Bokomslaget til "Pusteproblem" av Marita Liabø

SVIK OG SKAM: Marita Liabø sin nyaste roman 'Pusteproblem' tar for seg tema som svik, skam og seksualitet.

Foto: Samlaget / Pressefoto

Sjølvrealisering og individualisme

Eit anna grep eg likar godt i romanen, er at det er fleire forteljarar. I nokre kapittel ser vi hendingane gjennom Hedda, i andre er det mannen hennar vi følgjer, og i atter andre er det den hittil ukjende naboen i etasjen over som opplever familien som ein nøytral person.

Dette fleirstemde synst eg funkar verkeleg godt i denne romanen, særleg fordi hovudpersonen gjennom handlingane sine verkar ustabil og upåliteleg.

Romanen er dagsaktuell og tek opp viktige spørsmål i vår tid, som eg sjeldan har sett maken til i norsk samtidslitteratur. Det er kanskje lett å trekke nokre parallellar til Karl Ove Knausgård sin "Min kamp"-serie kor han skriv om det vanskelege om å vere ein mjuk far og kva mannsrolla rommar i samfunnet i dag.

Samanlikninga med Knausgård er ikkje urimeleg, for også her blir foreldrerolla og familieliv vist frå sine beste og verste sider. Liabø er dagsaktuell, der ho stadig tek opp det stadig større behovet vi har for å "realisere oss sjølv".

Mykje av tematikken handlar også om kor komplisert det kan opplevast å på den eine sida vere individualist og prioritere seg sjølv framfor andre, samtidig som ein føler eit sterkt tilhøyrsle til familien og det nære livet med og kjærleiken til andre menneske.

Hedda står med ein fot i kvar leir; ho er verken naken eller kledd. På den eine sida elskar ho livet som firebarnsmor og gjentar ofte, i ulike sinnsstemningar, at ho vil ha fleire barn.

På den andre sida tar ho mange val som viser at ho sett seg sjølv i første rekke og er eit svært sjølvsentrert menneske. Når ho ønsker seg fleire barn, sjølv når ho ikkje klarar å halde styr på dei fire ho allereie har, er det ikkje nødvendigvis fordi ho er så flink med barna eller til å gje dei kjærleik. Det er kanskje heller fordi ho liker ideen om seg sjølv i ei morsrolle.

Mot slutten går dette intense morsønsket mot det parodiske for Hedda sin eigen del, for det blir berre tydelegare og tydelegare at ho har hamna på feil køyr og tatt nokre val som får konsekvensar for fleire enn berre ho sjølv.

Vågar å vere vond


Det er også tydeleg at Liabø har ønska å skrive fram nokre tema vi framleis ser som tabubelagde, slik som den kåte kvinna, styrt av lyst og begjær.

Det er på tide at slike kvinner også får sin rolle i samtidslitteraturen.

At Hedda er gift og har fire barn, gjer at lysta og driven etter sex med kjente og ukjente til å begynne med kan lesast som eit nesten nødvendig pusterom for den vaksne kvinna – Hedda verkar i alle fall å meine at ho fortener den merksemda og spenninga som sidespranga fører med seg.

Etter kvart blir det noko meir desperat og vondt over desse sidespranga, og det kjem tydeleg fram at ho er eit menneske som ikkje har det heilt bra.

Nokre gongar går det så gale avstemd at eg berre vil halde meg for auga medan eg les. Eg kjenner meg igjen fleire stader og andre stader får eg angst og skammar meg på Hedda sine vegne, medan eg blir sint på ho når det er mannen hennar som får vise si side av historia.

Liabø skriv godt og vondt og skildrar kjærleik, skam, lyst, alkoholmisbruk og utruskap på ein måte som riv meg med.

"Pusteproblem" er ein roman som klarer å vere fleire ting på ein gong: Det er både ei nær historie om ei kvinne som nærmar seg meir og meir stupet, samtidig som dette er ein roman som vil og tør å vere dagsaktuell.

Det gjer "Pusteproblem" til ei vakker og vond leseoppleving.