– Vi er i gang med søk, og har rundt 25 personar frå både Røde Kors og Norske Redningshunder. Vi har hatt geolog inne i området for å vurdere om det er forsvarleg å drive søk, seier operasjonsleiar ved Hordaland politidistrikt, Arve Samsonsen.
Raset har gått mellom Holesvingane og Myrkdalen, like over fylkesgrensa til Hordaland. Fjellovergangen mellom Vik og Voss er no stengd, og vegen vert ikkje opna i dag, opplyser Statens vegvesen.
100 meter breitt
Også politi, brannvesen og ambulanse er på plass, i tillegg til brøytemannskap.
Samsonsen seier søkjearbeidet er svært krevjande.
– Det vil bli eit svært tidkrevjande søk for snøen er kompakt og djup. Raset er vel 100 meter breitt og iallfall seks meter djupt, kanskje djupare einskilde stadar, seier Samsonsen.
Politiet ber no personar som var i området rundt klokka 16.30 om å ta kontakt med politiet på telefon 02800.
– Førebels har vi ikkje fått opplysningar om at nokon er tatt av raset, men vi kan ikkje vere sikre før vi har søkt gjennom raset, seier Samsonsen.
Hundar sett inn i søket
Ekvipasjar frå Norske Redningshundar hjelper til med søkjearbeidet.
– Vi har åtte hundar på veg. Blant anna ein hundeførar som var i Myrkdalen, og kom raskt til staden, sier Christian Døving, assisterende beredskapsansvarleg i Norske Redningshunder Hordaland.