Hopp til innhold

Skumbil var effektiv mot flammane

Utstyrt med store mengde skum og vasstank på 6.000 liter vart brannbilen frå Haukåsen lufthamn Sogndal sentral i å få stogga branninfernoet i Lærdal.

Mannskap frå Haukåsen skumlegger eit hus i Lærdal.

I AKSJON: Mannskap frå Haukåsen skumlegger eit hus i Lærdal. Skummet viste seg svært effektivt for å hindre at brannen spreidde seg.

Foto: Odd Helge Brugrand

Brannmannskapet frå flyplassen brukte 70.000 liter vatn i løpet av sløkkingsarbeidet.

I tillegg var 400 liter med eit spesielt skum, som kveler brann, svært effektivt i kampen mot flammane den dramatiske natta i Lærdal.

– Skummet legg seg som ein film på flate, slik som på hustak og det hang ganske bra på loddrette veggar. Ikkje kjem det luft til og flammane berre døyr vekk, seier brannvaktsjef ved Haukåsen, Espen Iversen.

– Såg mørkt på det

Brannmannskapa vart beordra til flammehavet i Lærdal klokka 02:27. Då hadde brannen allereie herja i tre og ein halv time. I den veldige vinden spreidde brannen seg over store delar av Lærdalsøyri og det tok mange timar før den kom under kontroll.

Brannbilen frå flyplassen var framme 03:40, og brannvaktsjef Iversen trudde ikkje noko skulle klare å stogge brannen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brannbilen frå Haukåsen i operasjon i Lærdal

EFFEKTIVT: Brannmannskapa frå Haukåsen i operasjon i Lærdal.

Foto: Elias Dahlen

Mannskapet vart først sett inn til å hindre spreiing og starta skumlegging av bygningar. Etter at skummet var brukt opp vart dei brukt til innsats der det brann.

– Vi såg veldig mørkt på det då vi kom inn. "Dette går aldri bra" tenkte vi, fortel Iversen.

Skumla bygningane

Bustadbrannar er sjeldan kost for brannmannskapet på flyplassen i Sogndal. Men skummet, som er berekna på å slokke flybrannar, viste seg svært effektivt for å hindre at brannen utvikla seg i det verneverdige området på Lærdalsøyri.

(Artikkelen held fram under videoen)

Jan Erikstad filma dramatikken i Lærdal natt til 19. januar 2014.

SJÅ: Jan Erikstad filma flammehavet i Lærdal natt til 19. januar.

Det var mange heltar den dramatiske natta, men brannmeister, Guttorm Gullaksen, er ikkje i tvil om at skummet på brannbilen var effektiv.

– Flyplassbrannbilen kom frå Haukåsen. Den har skumutstyr, så den la kvitt skum på fleire hus nedover med kanonar på taket. Skummet er brannhemmande slik at husa tende ikkje. Det gjorde veldig godt på den sida, seier han.

– Alle gjorde ein kjempeinnsats

Over 400 personar vart evakuerte og 444 personar var til legesjekk. Nær 50 av desse vart sendt til sjukehus i Lærdal, Førde og Voss.

Minst 35 bygningar vart totalskadde i brannen. Av desse brann 24 heilt ned til grunnen. 17 bustadhus gjekk tapt.

Brannvaktsjef Iversen vil ikkje peike på særskilde heltar, men meiner iherdig innsats frå alle kantar hindra at det gjekk verre.

– Alle som var der inne, brannfolk, sivilforsvaret, sivile og røde kors gjorde ein kjempeinnsats. Det er vanskeleg å seie at det var ein ting som gjorde det. Eg trur kanskje det var heilskapen, avsluttar han.