Hopp til innhold

Sjukdom øydela for Bø

Den internasjonale seniordebuten for skiskyttaren Tarjei Bø frå Stryn vart øydelagd av forkjøling.

Tarjei Bø
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Trass i at han hadde ein begynnande influensa på torsdag stilte Bø til start. Men han måtte ta til takke med ein skuffande 48. plass i Europacuprennet i Austerrike.

Dermed vart det berre med den eine konkurransen for talentet.

- Det var trasig. Det var ikkje dette eg hadde håpa, men det vart no slik denne gongen. No håpar eg på ein bra treningsperiode i jula, slik at eg kjem på rett spor att.