Hopp til innhold

Ryland tilbake til Florø

Kristoffer Ryland blir lånt ut frå Sogndal og skal spele vårsesongen heime i Florø, skriv Florø SK på Facebook-sida si. Trenar Terje Rognsø seier klubbane har funne ei løysing som alle trur er det beste for Ryland og den vidare utviklinga. – Ryland har vore skada i lang tid, så no er viktig å få spele kampar regelmessig.

Kristoffer Ryland
Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK