Hopp til innhold

Rockestjerne til Temposeminaret

Vokalist i heavy metal-bandet Iron Maiden, Bruce Dickinson, kjem til Florø i november. Han skal ikkje synge, men fortelje om gründer- og entreprenørskap.

Iron Maiden

TIL FLORØ: Iron Maiden-vokalist Bruce Dickinson skal motivere på Temposeminaret.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

– Det er heilt fantastisk! Bruce Dickinson er midt i blinken, for han kan gründerverksemd og entreprenørskap, seier Per Øyvind Helle.

Han er arrangør av Temposeminaret, og er svært nøgd med føredragshaldarane som skal vere med i år.

Fascinerande bakgrunn

Helle meiner at deltakarane vil få mykje utbytte av seminaret, og at Dickinson veit kva han snakkar om.

– Bruce Dickinson har ein vanvittig fascinerande bakgrunn, og det er ekstremt unikt å få han til Florø, seier arrangøren.

I tillegg til å vere musikar, har Dickinson vore ein av verdas beste fektarar. Han har også vore pilot og marknadsdirektør for Astraeus Airlines. No er han leiingstenkjar, innovatør og entreprenør.

I føredraget på Temposeminaret skal rockaren snakke om gründerskap, entreprenørskap og kreativitet. Han snakkar om parallellar mellom sin musikalske karriere og karrieren han har i næringslivet.

Kommunikasjon

Også Geir Lippestad skal halde føredrag på Temposeminaret. Per Øyvind Helle trur at advokaten vil ha mykje å fortelje.

– I dei første dagane som forsvarar for Anders Behring Breivik fekk han fleire hundre hat-sms og truslar. Gjennom god kommunikasjon klarte han å snu det til støtte frå folket, og han vart kåra til årets namn 2012, både i VG og Dagbladet, fortel Helle.

(Artikkelen held fram under biletet)

Geir Lippestad fra Brennpunkt-dokumentaren

TIL TEMPOFESTIVALEN: Også Geir Lippestad skal ha føredrag på Tempofestivalen.

Han er nøgd med spennvidda mellom dei ulike føredragshaldarane.

– Spennvidda mellom Lippestad og Dickinson er stor, og begge har mykje å fortelje og ein unik bakgrunn. Eg trur møter mellom så ulike menneske gjer oss betre, seier arrangøren.

Sveriges beste føredragshaldar

Det skal vere totalt fire føredragshaldarar på seminaret. Dei to andre er Lisa Vivoll Straume, og Mats Petersson. Sistnemnde er kåra til Sveriges beste føredragshaldar, og Helle meiner at han blander humor og det seriøse på ein god måte.

– Han er ekstremt underhaldande og har god humor. Han har hjelpt store idrettsprofilar til å nå sine mål, seier Helle.

Per Øyvind Helle meiner at seminaret vil vere ein god teambuildingsplass, og regner med å få solgt ut dei 400 billettane som er tilgjengelege.