Hopp til innhold

Reklamereservasjon fører til langt fleire reklameinnstikk i avisene

Trass i at folk har reservert seg mot reklame i posten, kjem det stadig meir reklame som innstikk i aviser og magasin.

Trass i at folk har reservert seg mot reklame i posten, kjem det stadig meir reklame som innstikk i aviser og magasin. På 12 år er omsetnaden meir enn tredobla.

SJÅ TV-SAK: Lesarar lei aviser fulle av reklameinnstikk.

På 12 år er omsetnaden meir enn tredobla for innstikk i avisene. Med reklamen for i full fart ut mot husstandane, nærmar det seg brestepunktet for enkelte.

– Eg tykkjer ikkje noko om det. For det er eigentleg lureri for å få oss til å ta det inn, seier Tore Storkås i Førde.

– Forkasteleg

På postkassen hans står eit godt synleg «Reklame? Nei takk!»-klistremerke. Men det hjelp ikkje så veldig mykje for avisabonnenten.

For dei to avisene han skal hente opp frå postkassa, er no blitt til ein bunke vedlegg han godt kunne klart seg forutan. Og dei går som oftast rett i søpla - utan å bli leste.

– Tenkjer du på miljøet, så er det forkasteleg. For dei fleste i dag, er det noko du er på jakt etter, så går du på nettet og ser. Der finn du også alle kundeavisene, seier Storkås.

Tredobla på 12 år

I dagens utgåve av Bergens Tidende låg det i dag tre innstikk. Både Firda og Firdaposten hadde to kvar.

Det kallast DM – direkte marknadsføring – og er tredobla på 12 år. I 2000 hadde norske aviser og magasin innstikk for 172 millionar. I fjor var omsetnaden 510 millionar.

Hos Sogn og Fjordane Avistrykk, eit av Vestlandets travlaste trykkeri, legg dei gjerne innstikk i avisene.

– Vi har jo litt inntekter på dei også, det innstikkarbeidet. Det er ein jobb vi gjer for lokalavisene, seier dagleg leiar Rune Høgelid.

– Effektivt

Vegg i vegg ligg avisa Firda, som helst vil ha annonsane inni avisa. Men dei set pris på ekstra inntekter.

– Vi ser at det er ei mengd aktørar som nyttar seg av DM i større grad for å vise den store breidda si på ein rimelegare måte, seier Harald Gil Sætre, marknadssjef i Firda Media.

Johan Bengtsson

NØGD: Johan Bengtsson.

Foto: Vegard T. Foseide / NRK

Og på Førdehuset sit ein nøgd dagleg leiar, Johan Bengtsson, og konstaterer at vedlegga dei sender ut er effektive.

– Vi når veldig bra dekning gjennom innstikk i avisa Firda, seier han. Pia Kleppe Marken, regiondirektør hos Forbrukarrådet, forstår at det for enkelte abonnentar kan bli i meste laget.

Rimelegare

For auken med direkte marknadsføring har blomstra, mellom anna på grunn av dei kjende «Nei takk!»-klistermerka som dukkar opp på postkassen.

Dette er også ein langt rimelegare måte å nå kundane sine på, enn å sende adressert reklame.

– Reklame har alltid vore ein veldig stor del av det økonomiske grunnlaget for å kunne gje ut ei avis. Etter internett har reklamen fått eit litt anna format. Dei velkjende små rubrikkane er borte, dei er på internett. Og då må det større format til for å nå fram. Då blir avisa i postkassen tyngre, seier Marken.

Blir dyrare

Regiondirektøren seier abonnentane eigentleg ikkje har så mange val.

– Anten må ein seie opp avisabonnementet, eller bruke forbrukarmakta si og gå til avisa og seie ein vil abonnere på ei avis utan reklame, seier Marken. Og då må ein vente langt dyrare aviser.

– Ei reklamefri avis blir atskilleg dyrare, seier ho og meiner at reklamen er rett og slett noko ein som avisabonnent må risikere å få i postkassen.

– Likar det ikkje

– Reklamen forsvinn, dersom avisa forsvinn, seier ho.

I Førde vil likevel den trufaste abonnenten bla glatt forbi alt som luktar reklame.

– Dei vil tene pengar, og det må dei få lov til. Men eg likar det ikkje, avsluttar Storkås.