Hopp til innhold

Opnar for bompengar for å byggje Kystvegen

Framstegspartiet opnar for å ta bompengar for å få råd til å byggje Kystvegen i eitt jafs, og er kritiske til politikarane i Bremanger som er ueinige om delstrekningar.

Kystvegen og Hogne Bleie

STATLEG ANSVAR: Hogne Bleie og Frp vil at Kystvegen skal få status som Riksveg og opnar for at bompengar tilsvarande ferjeprisar kan brukast der bruer erstattar ferjer.

Foto: Ingeniørfirmaet Aas-Jakobsen / privat

– Eg går ut ifrå at ordførarkandidatane i Bremanger ønsker å få bygd Kystvegen. Å byrje krangle om kva for parsellar som skal kome først og sist, er direkte destruktivt, seier nestleiar i Frp i Sogn og Fjordane, Hogne Bleie.

I dag fortalde NRK at fleire av partia i Bremanger sprikar i heilt ulike retningar om korleis Kystvegen skal byggast. Framstegspartiet vil at vegen skal bli nasjonal og byggjast i eitt jafs.

– 12. august var samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) i Florø og drøfta mellom anna kystvegen. Han uttalte klart og tydeleg at tida der ein planlegg små parsellar og byggjer klattvis og delt er over. Han bad oss innstendig i fylket om å samle oss om Kystvegen, og at denne vegen blir overført til riksvegnettet, seier Bleie.

– Vi vil at vegen blir planlagd under eitt og bygd under eitt. Med litt her og litt der, og fylkeskommunale midlar, kjem vi aldri i mål, legg han til.

– Viss staten skal ta over prosjektet og byggje alt som eitt blir det snakk om veldig store summar: Er det realistisk å få gjennomslag for det på kort sikt?

– Ja. Med det ytre alternativet mellom Riksveg 15 og Riksveg 5, altså i praksis mellom Florø og Måløy, er det snakk om seks milliardar pluss. Ferjeavløysingsmidlar vil vere med å finansiere dette: Måløy-Oldeide, og ein kan jo vurdere å ta med Stårheim-Isane, sjølv om det er litt meir kontroversielt. Kvar av desse vil utløyse om lag 600 millionar, så berre der har vi nærmare 20 prosent av vegstrekninga finansiert, seier Bleie.

Bompengar kan også vere del av Frp si løysing for å få finansiert bygginga av vegen.

– Sjølv om vi er mot bompengar, er vi opne for å ta billettar tilsvarande prisen på ferjer som blir teke vekk for bruer, til dømes ferja Måløy-Oldeide, seier nestleiaren.