– Vi har sett på sjølve mynten, kor tjukk den var, og kor stor den var, fortel Jon Anders Risvåg ved NTNU Vitskapsmuseet i Trondheim, som sit på fasiten om kor gamal mynten er.
I august fann Jørn Hofsø Hjellnes ein gamal mynt oppe på Store Skagastølstind. Varden på den 2405 meter høge toppen hadde ramla ned, og under der hadde mynten lege gøymt i mange år.
- LES OGSÅ:
Då funnet vart kjent var mange spente på om norsk tindehistorie måtte omskrivast. For myntfunnet bygde opp under mytar om at den engelske klatraren William Cecil Slingsby, slett ikkje var første mann på landets tredje høgaste fjell, då han stod på toppen i 1876.
Les meir om
i Fylkesleksikonet.Det er også diskutert om norske Amund Lammers (1804-1871), landmålar og geolog frå Buskerud, stod på toppen før engelskmannen. Han skal ha vore på toppen saman med ein Lustring så tidleg som i 1827, og han skal ha lagt igjen nokre myntar på toppen.
Heilt sikker på datering
Ut ifrå det Risvåg og dei andre såg under granskingane sine, så vart dei raskt klar for omtrentleg alder på mynten.
– Vi byrja å ane at den var yngre inn det vi hadde håpa på. I alle fall etter 1839, og kanskje var den også frå opp mot 1900-talet. På røntgen fann vi ingenting, alt var korrodert. Då vi brukte ein såkalla XRF-scanner såg vi at det verken var kopar, som det burde ha vore om mynten var frå før 1800. Eller bronse, som det hadde vore om den var om lag frå 1900, fortel han.
Mynten synte seg nemleg å vere av jarn, og då kan den berre stamme frå ein av to epokar.
– Det kan vere ein 2-øre frå mellom 1917 og 1920, eller ein 2-øre frå perioden 1943–45. For det er berre då det har vore brukt jarn. All kopar vart brukt i krigsindustrien under 1. og 2. verdskrig, så det er ein krisemynt. Så mynten er ikkje frå før 1827, dessverre.
Viktig å få fram historia
Myntfinnaren, Jørn Hofsø Hjellnes, er likevel ikkje skuffa.
– Sjølv om det er stadfesta at mynten er nyare, så lever historia og myten om Amund Lammers vidare, seier han.
Han var sjølv spent på dateringsundersøkingane, men hadde også fått peikepinnar på at mynten nok ikkje kunne skrive seg frå før 1827.
Då Hjellnes var på toppen visste han ikkje om myten om myntane, han visste berre om at det var usemje om kven som var først på toppen. Han meiner det å finne ein mynt på eit fjell i seg sjølv er av kulturhistorisk verdi, spesielt på Store Skagastølstind.
– Når ein går i fjellet, spesielt på stader der det ikkje ferdast folk så ofte, og ein kjem over noko, så er det i seg sjølv interessant. Det er ikkje så viktig kva tid mynten er frå, men slike ting bør takast vare på for ettertida, understrekar han.
Trur det kan skjule seg meir på toppen
Etter funnet har også fleire fatta interesse for kva som kan skjule seg på Store Skagastølstind.
– Tindekollega, Arne Larsen, har tenkt å reise opp med metalldetektor for å sjekke om det er fleire myntar på toppen. Til våren reiser han opp for å gjere ein sveip, fortel Hjellnes.
Larsen held på med dokumentasjon frå ulike område om Amund Lammers.
– Det er ei fantastisk fin historie, og alt som kan gje aktualitet og blest om tindeklatring er interessant.
Han har også byrja å kikke seg litt ekstra rundt om når han er på fjelltur.
– Dagen etter at vi fann mynten på Storen, så var vi på Dyrhaugsryggen. Medan vi sat der og åt sjokolade, så såg eg ein gamal hermetikkboks med sardinar i olje. Den må ha vore minst 60–70 år gamal.
Hjellnes let boksen ligge igjen, og meiner fleire bør gjere det same.
– Kvifor ikkje legge igjen ein 20-kroning på ein litt spesiell plass på ein fjelltopp? Folk som kjem seinare kan då få opp auga, og kanskje blir dei sitjande og tenkje på kven som var der før, avsluttar tindebestigaren.