Hopp til innhold

Dei jublar over tidleg snø i fjellet

Det er ikkje alle som jublar over å sjå snøen krype nedover fjellsida. På Sognefjellet vart det derimot stor jubel då Randonee-landslaget fekk akkurat nok snø til å kaste seg ut på skia igjen.

Dei ferske norske landslagsutøvarane i Randonee fekk sesongens første svingar på snø under landslagssamlinga på Sognefjellet.

SJÅ VIDEO: Randonee-landslaget har laga sin eigen video frå sesongens første dagar med snø under beina.

Det nyskipa landslaget er denne veka på samling på Turtagrø. Med mykje dårleg vêr i det siste vaks håpet om kanskje å få nytte skia til anna enn å trene av og på med fella.

– Og det slo til for fullt det gitt. Måndag kveld jogga vi innover fjellet for å sjå om det var mogeleg å stå på ski. Det snødde då vi var der, så tysdag bar det rett opp att for å stå, gliser Olav Tronvoll (IL Fjellmann).

Fann lukka på breen

Landslagsutøvarane kom til Sognefjellet førre fredag, og skal vere der til førstkommande fredag. Den store lukka, eller det kvite gullet, fann dei på Fannaråkbreen.

Her har det lagt seg 20–25 centimeter fint pudder dei siste dagane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Randonee-landslaget på Sognefjellet.

BERRMARK: Malene Blikken Haukøy (t.h.) er att på Turtagrø saman med Håkon Klerud, Ola Hovdenak og Olav Tronvoll.

Foto: Malene Blikken Haukøy

– Det var fint på breen, og godt å komme på ski att. Det er ei stund sidan sist, i juli, seier Tronvoll.

– Herlege svingar

– Det var kring 400 høgdemeter vi kunne gå på ski, så går ein mange nok gonger så blir det nokre høgdemeter. Vi fekk nokre herlege svingar i sesongens første nysnø, fortel Tronvoll.

Landslagsutøvaren fortel dei fekk ei fin sprintintervalløkt, der alle utøvarane køyrer seks drag av kring to minuttar. Tidene gjekk nedover for kvar runde.

(Artikkelen held fram under biletet)

Randonee-landslaget på Sognefjellet

IDYLL: Medlemene av det første norske randonee-landslaget har hatt nokre fine dagar på Sognefjellet.

Foto: Malene Blikken Haukøy

– No får vi sjå kor lenge det held. Vi var oppe ein tur i dag også, men så er det meldt sol og då forsvinn det gjerne, legg han til.

Ynskjer høgdemeter

Det er altså ikkje berre langrennslandslag og skiskyttarlandslag som no finn turen til Sognefjellet.

Randonee-landslaget på Sognefjellet

JOGGETUR: Ein joggetur måndag kveld avdekka gode skiforhold på Fannaråkbreen.

Foto: Malene Blikken Haukøy

Randonee-landslaget hadde si første landslagssamling i juli. Då i Trollstigen, med fokus på mengdetrening og høgdemeter. Målet er ei samling i månaden.

– Vi ynskjer godt treningsterreng, terreng i høgdemeter, når vi trenar. Då er Sognefjellet svært bra. Vi bur på ei hytte like nedanfor Turtagrø, så då har vi nok av bakkar å ta av, seier Tronvoll som så langt er godt nøgd med opphaldet.

Siktar mot EM

Løparane skal delta på alle løp i årets verdscup som startar i januar, og har EM i Andorra i februar som hovudmål denne sesongen. Her er Malene Blikken Haukøy frå Høyanger medaljekandidat i sprint.

Sesongen startar i midten av desember med første runde i Norgescupen.

– Landslaget gjer det enklare for oss å satse og drive. Samlingane blir enklare, vi får trene meir saman og det er meir økonomi i det. Det er inga gullgruve, men vi taper i alle fall ikkje så mykje som når vi må betale alt sjølv, avsluttar Tronvoll.