Hopp til innhold

Sogndal-trenar henta islending frå IFK Gøteborg

Den islandske venstrebacken Logi Valgardsson har signert ei treårskontrakt med Sogndal.

Logi Valgardsson

NY: Logi Valgardsson skal erstatte Per Egil Flo på Sogndal.

Foto: sogndalfotball.no

Det skriv klubben på sine nettsider.

Valgardsson kjem frå den svenske Allsvenskan-klubben IFK Gøteborg, der han spelte under noverande Sogndal-trenar Jonas Olsson i 2001.

Ifølgje nettsida har Olsson følgt med Valgardsson ei stund, og no når spelaren vart tilgjengeleg, sette klubben i saftbygda inn støtet og sikra seg spelaren.

Har jakta ein venstrefota venstreback

Islendingen var med på U21-landslaget til Island då dei gjorde det godt for eit par år sidan.

– Logi er ein venstrefota venstreback med offensive kvalitetar. Dette har vore ein prioritet for oss å skaffe, etter at Per Egil Flo drog til Molde tidlegare i sommar, seier Eirik Bakke til songdalfotball.no.

Det var fleire som var interesserte i Valgardsson, men valet fall til slutt på Sogndal. Han er klar for si første trening med klubben 6. januar 2014.

– I sterk konkurranse med andre klubbar, er vi glade foar at det vert ei kvit spelartrøye han kjem til å spele i dei neste sesongane, seier Bakke.