Hopp til innhold

I dag startar sesongen for Bø

Når dagens normaldistanse går av stabelen i VM-byen Ruhpolding, er det Tarjei Bø sitt første renn for sesongen. Slik skiskyttaren sjølv ser det.

Tarjei Bø

GULL: Tarjei Bø ser på dagens normaldistanse i Ruhpolding som ein ny sesongstart.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / Scanpix

Etter ei svak opning på VM vel stryningen å fokusere på den positive utviklinga, og stiller på startstreken med store forventingar til det norske laget.

Difor ser han også på dagens 20 kilometer som ein ny sesongstart.

Sjølv meiner Tarjei Bø eit VM-gull i løpet av meisterskapens tre siste disiplinar vil berge sesongen for hans del .

– No handlar det om medalje i resten av VM. Det er no sesongen byrjar. Då verdscupen gjekk sløyden, så er det VM som er sesongen, seier 23-åringen.

– Mykje bra

Ved nyttår såg skiskyttaren frå Stryn ut til å kopiere fjorårets bragd i verdscupen. Han leia både samanlagt, sprint og jaktstart. Etter at sjukdom råka i romjula, har det blitt så som så med verdscuppoeng.

No er han sjanselaus på å kopiere fjorårets verdscupsuksess. I Tyskland meiner han å sjå framgang.

– Sjølv om eg ikkje har fått med meg medalje på dei to første løpa, så har eg gjort mykje bra. Og litt dårleg som har øydelagt for det gode. Men eg ser eigentleg positivt på det. Det er mykje betre enn det eg har gjort etter jul, seier han.

To medaljar

Med sølv på sprinten er Emil Hegle Svendsen den einaste av herrane som har teke individuell medalje under årets VM. I tillegg vann Norge opningsdistansen Mixed-stafett.

Hegle Svendsen har vist gode takter under meisterskapen.

– Eg har kanskje vore litt meir sjølvkritisk og negativ enn eg burde vere. Når du skyt om gull, så er femteplass mykje dårlegare. Det er himmel og helvete, seier han.

Trur på medalje

Tidlegare landslagsløpar, og skiskyttarekspert i NRK, Halvard Hanevold, meiner det er ei lett oppskrift for å få full klaff for dei norske skiskyttarane.

Også han trur på fleire norske VM-medaljar.

– Det er å gjere ting enkelt og trekkje ut det som har vore positivt. Det er veldig mykje positivt i det Emil har gjort og veldig positivt i det Tarjei har gjort. Dyrke fram det. Stå samla som eit lag og gjere det ein har trent og jobba med, seier han.