Hopp til innhold

Han dømmer kamp nummer 1400

Ragnar Åmot (57) vart skadd i ein fotballkamp mellom Jølster og Førde i 1975. Det var starten på ein dommarkerriere som har vart i 38 år.

Ragnar Åmot

GLER SEG TIL KVAR KAMP: Ragnar Åmot.

Foto: Stig Høynes

Denne helga passerer han 1400 obligatoriske kampar som dommar eller assistentdommar. Han har rekna ut at han har brukt 9800 timar, det vil seie vel seks årsverk på dommargjerninga. Det angrar han ikkje eit sekund på, sjølv om det av og til vankar kjeft.

– Det er ikkje kjeft vi er ute etter, det er spenninga i å dømme, vi er med på å forme kampane, vi er ein viktig del, ikkje minst er vi ein viktig faktor i det å unngå at det blir ein stygg kamp med mykje skadar. Vi prøver å gjere så godt vi kan, vi må vere problemløysarar. Og så møter vi mange kjekke folk, vi har det rett og slett kjekt.

Beinbrot var starten

I 1975 var Ragnar Åmot, eller Raggen, som han blir kalla, ein lovande og målfarleg spiss på Jølster, men i eit lokaloppgjer vart han så skadd at han vart sett på sidelinja som spelar i lang tid.

– Eg braut foten i ein kamp 10. mai 1975 i Førde, foten stod i 30 graders vinkel. Det førde til at eg kom på dommarkurs nokre veker etter. Då gjekk eg på krykker, kurset var i Balestrand, hugsar eg.

31 kampar i Tippeligaen

Det var ikkje slutt på karrieren som spelar, men det er nok som dommar folk rundt i fylket kjenner Raggen best. Og han har dømt på høgt nivå.

– Dei åra eg var i eliteserien er høgdepunktet sjølvsagt, eg har 31 kampar i Tippeligaen som assistentdommar. Eg gjekk på linja mellom Fyllingen og Brann på ein 16. mai – kamp, eg har vore med på Rosenborg-Molde, og så har eg dømt ein 1. divisjonskamp. Det er noko eg hugsar.

– Det er framleis kjekt når det kjem folk inn i garderoben og seier at eg gjorde ein god kamp, sjølv om eg trekkjer frå at folk gjerne er patriotar og ikkje heilt objektive, det er ikkje alle eg likar å få skryt frå.

Laaang omgang i Årdal

– På den andre sida har du fått din dose med kjeft, du og?

– Ja, det er klart. Når ein held på i dette gamet her så er ikkje det til å unngå. Eg hadde ein uheldig episode i Årdal ein gon, mellom Jotun og Tornado. Etter ein skade gløymde eg å starte klokka igjen, og det vart ein veldig lang omgang, langt over 50 minutt. Det var ein spennande og viktig kamp, det er ikkje noko eg minnest med glede.

Kosar seg på vegen

Det å vere fotballdommar i Sogn og Fjordane inneber mange mil på vegane, og Ragnar Åmot er blitt godt kjend i fylket.

– Eg veit omtrent kva gir eg skal ha i kvar sving. Eg kosar meg med god musikk, eg høyrer gjerne på NRK P1 i bilen, det er kjekt å vere ute og reise.

Litt godtgjersle for dømminga og køyringa blir det, men det er ikkje drivkrafta, som Raggen seier: Eg blir ikkje rik av det, men eg blir heller ikkje fattig av det.

– No er du 57 år gamnal. Kva er det som gjer at du framleis held på med å dømme kampar og gå på linja?

– Det er denne spenninga, og så er vi ein dommartrio, det er kjekke folk, og eg held meg i fotballmiljøet. Vi må vere i god fysisk form, vi blir nøydde å trene, og vi må halde oss oppdaterte på reglane. Det har blitt ein livsstil. Den dagen eg må slutte, trur eg det blir tungt. Eg håpar det blir lenge til.

(Artikkelen held fram under biletet).

Ragnar Åmot

MYNDIG DOMMAR: Her har Raggen trekt opp det gule kortet.

Foto: Stig Høynes

– Gjerne ti år til

– Ja, kor lenge trur du at du kan halde på?

– Eg kan ikkje sjå at eg ikkje kan halde på i ti år til. Men eg får håpe noko seier det til meg at no er det på tide å slutte, og at eg har vet til å gjere det.

No går han på linja i 3. divisjon. Han kunne godt ha tenkt seg at han framleis fekk vere med på høgare nivå, men alderen set grense for det.

Kampprogrammet hans dei komande dagane er slik: Dale-Høyang (4. div.) i kveld, Årdal-Tertnes laurdag og Florø-Vik (begge 3. div.) søndag, alle kampane som assistentdommar. Og han gler seg som vanleg til oppgåvene. Men han vil ikkje røpe kva kamp som er nummer 1400.

– Akkurat det vel eg å halde hemmeleg, for eg har ikkje noko behov for, ja, du skjønnar…