Hopp til innhold

– Alle jobber med å bekjempe brannen

Brannen om bord på godsskipet «Britannia Seaways» har blusset opp, og mannskapet jobbar framleis med å sløkkje brannen. Eit forsøk på å evakuere deler av besetninga måtte avbrytast tidlegare i kveld.

Britannia Seaways i brann

BRANN OM BORD: Flammane var godt synleg då skipet kom til Florø.

Foto: TRULS KLEIVEN / NRK

Hovudredningssentralen (HRS) i Sør Norge har send ut både skip og helikopterressursar etter melding om brann i eit godsskip i Nordsjøen, vest av Florø.

John Sjursø, pressetalsmann for HRS seier klokka 01,45 at brannen har blussa opp igjen, og at det framleis brenner to stader på skipet.

– Det er registrert to brannar, Ein på dekk i ein konteinar, og ein under dekk i det som reknast for å vere eit straumskap. Det er nå to skip på veg mot Britannia, som har betre utstyr om bord til å overvinne brannar, seier Sjursø.

Ifølge Sjursø er brannen under kontroll, sjølv om den framleis ikkje er sløkt.

– Alt av mannskap om bord er nå opptekne med å sløkkje brannen, seier Sjursø.

Han legg til at det framleis blir gjort fortløpande vurderingar av om mannskapet skal evakuerast.

– Skipet har kurs inn mot Florø no, men det er ikkje teke nokon endeleg avgjerd for kor dei til slutt skal gå i land, seier Sjursø, som ikkje vil betegne situasjonen som kritisk.

Tre helikopter, to frå 330-skvadronen og eit frå ein nærliggande plattform følger skipet.

Det første forsøket på å evakuere ut 12 av mannskapet på 32 måtte avbrytast på grunn av dårlege vêrforhold, opplyste Per Fjeld ved HRS til NRK klokka 21.05.

– Ingen skadd

Gert Jakobsen, som er visepresident i kommunikasjonsavdelinga til reiarlaget, DFDS, seier til NRK.no at man ikkje har opplysningar om at nokon skal vere skadd etter brannen.

– Det siste vi har fått høyre er at dei skal ha fått kontroll på brannen. Evakueringa måtte likevel avbrytast på grunn av dårleg vær, seier Jakobsen.

Skipet skal ha vore på veg frå ein øving i Nord-Norge, til Bergen. Av mannskapet på 32 personar, skal 12 vere norske soldatar. Ifølge Jakobsen skal det vere militært materiell om bord, som køyretøy, og liknande.

Ivar Moen er presseoffiser i Forsvarets operative hovudkvarter. Han fortel at skipet vart leid inn av Forsvaret i samband med øvinga i Nord-Norge.

– Det er 12 norske soldatar som skulle følge materiellet. De andre er mannskap på fartøyet, seier Moen.

– Drivstoff og ammunisjon

Moen forklarer at lasta består av militære køyretøy, både hjulgående og beltegåande, samt konteinarar og hengere.

– Det er også snakk om ein del løsammunisjon. Det har noko krut i seg, men utover det er det ingen eksplosiv.

– I tillegg er det ein del drivstoff som følger med køyretøya, seier Moen, som legg til at han ikkje har opplysningar om brannen kan nå drivstoffet eller ammunisjonen.

Han legg til at Forsvaret vil hjelpe til i redningsaksjonen, blant anna med den norske fregatten «Helge Ingstad». I tillegg er det militære helikopter om bord på skipet.

– Vi legger alt til rette, og bruker det vi har for å støtte aksjonen til Hovedredningsentralen, seier Moen.

– Ikkje fare for at båten skal gå ned

Fjeld i HRS kan førebels ikkje seie noko meir eksakt om posisjonen til båten, men han seier den ligg 70 nautiske mil vest av Florø.

HRS har fleire ressursar tilgjengelege som er sende i retning skipet. Dette er tre båtar, blant dei fregatten «Helge Ingstad», som klokka 20 skal vere fire timar unna skipet.

– Vi har sendt ut eit Sea King helikopter frå Sola, og vi har i tillegg to tilgjengelege helikopter på plattformer i Nordsjøen, seier Fjeld til NRK.no.

Då NRK snakka med Fjeld klokka 20 sa han at det førebels ikkje såg ut til at det var fare for at båten skulle gå ned.

Brann i styrmaskinrommet

Brannen skal ha oppstått i styremaskinrommet. Det vart like før klokka 21 gjort forsøk på å evakuere 12 av mannskapet. Eit helikopter frå Oseberg-plattforma var då kome fram til skipet, og ein ville frakte dei 12 til ein rigg i nærleiken, Transocean Searcher.

– Det var vurdert som for risikabelt med dei vêrforholda som var, seier Fjeld.

HRS fekk første meldinga frå båten klokka 19.08. Jakobsen i DFDS seier til NRK at besetningsmedlemmene som kjem til Bergen vil få psykologisk bistand.

– Dette er sjølvsagt ein oppleving som krev at man får oppfølging i etterkant, seier Jakobsen.

I tillegg til dei norske soldatane skal det vere 13 polakkar, seks danskar og éin frå Filippinene blant mannskapet.

NRK oppdatere saka.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Florø» i nytt vindu