Hopp til innhold

Flinkast i landet

Nok ein gong har Sogn og Fjordane dei flinkaste ungdomsskuleelvane i landet.

Gloppen ungdomsskule
Foto: Olav Søreide

For fjerde året på rad er elevane i grunnskulen i Sogn og Fjordane dei flinkaste i heile landet, syner nye tal frå Statistisk sentralbyrå (Ssb).

Framfor Oslo og Hordaland

Ssb har samla inn statistikk frå heile Noreg for 2007 for å finne ut kor godt elevane greier seg på skulen. Elevane sine karakterar er rekna om til grunnskulepoeng, som er eit gjennomsnitt av elevane sine eksamenar og standpunktkarakterar.

Sogn og Fjordane kjem med sine 40,30 grunnskulepoeng framfor Oslo på andreplass med 39,93 poeng og Hordaland med 39,83 poeng.

I andre enden av skalaen er elevane i Østfold med 37,09 poeng.

Mindre skilnad på foreldra

Statistisk sentralbyrå meiner samansetjinga av befolkninga kan forklare noko av skilnaden mellom fylka.

Elevar som har foreldre med høg utdanning gjer det betre på skulen enn andre. Men trass i at utdanningsnivået i Sogn og Fjordane ikkje er spesielt høgt, kjem fylket best ut.

I følgje Ssb kan det skuldast at skilnaden mellom elevar med høgt eller lågt utdanna foreldre er minst her i fylket.