Hopp til innhold

Femmarar for «Få meg på for faen»

«Temmeleg vinglete, lenge uklar, men definitivt sjarmerande historie», «Søt og pubertal sexkomedie» og «solid debutverk» er mellom skildringane kritikarane gir komedien «Få meg på for faen».

Helene Bergsholm, Malin Bjørhovde og Beate Støfring

FEMMAR: Komedien Få meg på for faen får terningkast fire og fem hos dei største avisene i landet.

Foto: Marianne Bakke/Motlys/Norsk Film Distribusjon

Etter festpremiera i Førde måndag, byrjar kritikarane å trille sine terningkast over regissør Jannicke Systad Jacobsen sin heilfilmdebut.

– Dei har som oppgåve å vere kritiske, men eg tykkjer det kanskje er litt dumt at mange brukar så mykje tid på å samanlikne filmen med boka. Samstundes er vel også det naturleg når filmen er basert på boka, seier Systad Jacobsen.

Femmarar og firarar

– Det er kanskje fordelen med å vise filmen på festivalar i utlandet. Dei kjenner ikkje til filmen og ser filmen som den er, seier regissøren.

Dei siste dagane har gjengen bak filmen vore mykje på reis, men regissøren har fått med seg omtalane i VG, Dagbladet, Aftenposten, Dagens Næringsliv og Haugesunds Avis.

I tillegg til femmar frå Bergens Tidende, Spirit, Elle og Romsdals Budstikke, hamna terningkaste på fire hos Haugesunds Avis, Dagbladet, Filmpolitiet og Aftenposten.

– Eg tykkjer sjølv den fortener litt betre, men er uansett stolt over filmen, dei som er med og det vi har oppnådd. Eg tykkjer ungdomane gjer ein kjempefin innsats og filmen vart akkurat slik eg hadde ynskt. No er det spennande å sjå om publikum finn vegen til filmsalen. Så får dei gjere seg opp ei meining, seier Systad Jacobsen.

Taper mot filmen

Filmen, som byggjer på Olaug Nilssen sin roman med same namn, har Norges premiere fredag.

Dei fleste kritikarane er opptekne av innsatsen til skodespelarane og kor nærme filmatiseringa ligg til boka.

– Filmversjonen vinnar i konsentrasjon, men taper i storleik, skriv Ingunn Økland, som har vurdert filmen for Aftenposten.

Rett til ungdomane

Økland gir filmen terningkast fire, og skildrar den som visuelt stilig og treffande i skildringa av vestlandske utkantstrok. Ho framhevar scenografi og rekvisittar som presenterer vestlandsbygda Skoddeheimen på lerretet.

Det er her handlinga om sprengkåte «Alma» (Helene Bergsholm) si seksuelle oppvakning finn stad. Det er her ho har søte drømmar om skulens kjekkaste gut, «Arthur» (Matias Myren), får kallenamnet «Pikk-Alma» og blir utstøytt av det vesle samfunnet på skulen når.

– Få meg på for faen snakkar rett til ungdomane om skamkjensle, utfrysing og seksuelle frustrasjonar, skriv Økland og skildrar filmen som ein søt og pubertal sexkomedie.

Smørje av tema

«Få meg på for faen» fekk manusprisen under Tibeca Film Festival i New York tidlegare i år. Filmen har også vakt interesser hos utanlandske importørar.

VGs Jon Selås skildrar filmen som ei smørje med ulike tema.

– Fordi temaa er så svevande og ubestemmeleg, hadde ein film som dette tent grovt på ein stram regi, klare replikkar, synleg vilje. Det har den ikkje, altfor lenge, skriv Selås og gir filmen terningkast tre.

Vinglete og uklår

– For mykje flyt, for mange detaljar er uklare, dei ulike elementa ulne. Det går utover amatørskodespelarane, som burde fått mykje meir hjelp, held Selås fram og samstundes samanliknar hovudrolleinnehavar Helene Bergsholm med unge Ane Dahl Torp.

Selås meiner filmen er vinglete, lenge uklår, men definitivt fortel ei sjarmerande historie.

– Slutten av filmen er det aller beste; ein går i alle fall oppløfta ut av kinosalen.

– Solid debutverk

Inger Merete Hobbelstad sin terning hos Dagbladet landa også på fire. Ho framhevar Malin Bjørhovde som ho meiner treffer best med timing og typeteikning.

– Fleire av dei andre skodespelarane slit med å halde den instruerte, haldne tonen på riktig måte. Det blir tidvis stivt og stolsete, tykkjer ho.

Samstundes meiner ho Systad Jacobsen sin heilfilmdebut er meir frimodig og openhjartig enn dei fleste filmar.

– Den er og blir eit solid debutverk. Men den baserer seg på ei forteljing som heilt klart passar si boklege form best.

(Artikkelen held fram under TV-innslaget)

Video - Ikkje vand med slik merksemd

SJÅ: - Ikkje vand med slik merksemd

Knakande god debut

Bergens Tidende gir filmen terningkast fem og skildrar den som eit «flott opprør mot bygdedyret».

– Tenåringsseksualitet har vi nemleg sett før på lerretet, men sjeldan har vi set ein så ærleg versjon, skriv Andreas Hadsel Opsvik.

Også han trekkjer fram varierande skodespelarferdigheiter, men meiner filmen ikkje tek skade av det. Helene Bergsholm får ros for ein knakande god debut i rolla som «Alma».

– Ho taklar godt balansen mellom det uskuldige unge og det hardbarka hormonelle, skriv Hadsel Opsvik.

– FrigjerandeBefriande

Hos NRK har Filmpolitiet gjeve filmen terningkast fire. Birger Vestmo meiner famlande kjensler vert fint formidla.

Han tykkjer det er frigjerande med ei ungdomshistorie frå Bygde-Noreg.

– Eg kjenner att visse trekk frå eigen oppvekst, den vanskelege maktbalansen i skulegarden, dei famlande, prøvande festane og lengtinga etter å komme ut i verda, skriv Vestmo.

– Burde bli pensum

Katrine Sele i Firda gir ikkje terningkast til filmen, men samanliknar den med svenske «Fucking Åmål».

– Men forteljarstilen til regissør Jannicke Systad Jacobsen er langt meir sprelsk og eksperimentell, skriv Sele og meiner filmen er ein viktig film.

– Først og fremst er den eit fantastisk portrett av ei tenåringsjente – mykje råare, tøffare og sårare enn eg kan hugse å sett tenåringsjenter på film før, skriv ho og skulle gjerne sett den som pensum på ungdomsskulen.

– Hadde eg sjølv fått sett ein slik film som tenåring, trur eg det hadde vore til enorm støtte og oppmuntring, skriv ho.

– Ein jentefilm

Liv Riiser i Vårt Land gir heller ikkje filmen terningkast, men skildrar «Få meg på for faen» som ein jentefilm. Ho tykkjer det vrimlar av lattermilde scener i filmen.

Også ho trekkjer også fram hovudrolleinnehavar Bergsholm.

– Men ho har også god hjelp av veninnene «Sara» (Malin Bjørhovde) og «Ingrid» (Beate Støfring). Saman utgjer jentetrioen ein veninnegjeng med alt sitt av intrigar, lojalitetskonfliktar og sære påfunn, skriv Riiser.

Stilleståande

Riiser meiner samstundes at formspråket til Systad Jacobsen, trugar med å bli filmen sitt problem.

– Innimellom blir filmen for stilleståande, poenga gjentek seg og flyten stoggar opp. Kanskje har det noko med lyden å gjere, den høyrest ut som om den er teken opp i ein boks, også når samtalane går føre seg utanfor Almas hovud. Men kanskje har det også samanheng med at filmen legg seg for tett opp til romanen, undrar ho.

På nettsida filmweb.no gir terningkasta til 183 publikummarar filmen eit snitt på 5,19.

Audition for Få meg på for fan
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

AUDITION: Unge sunnfjordingar jaktar rollene i filmen.